Diakoni
Diakoni
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.
Foto: Pixabay
Den norske kyrkja forstår seg sjølv som ei tenande kyrkje. Diakonien er eit kjenneteikn ved heile det oppdraget kyrkja har. Den pregar fellesskapet og livet til den einskilde.
I kyrkja i Gloppen har kvart sokn lokale diakoniplanar som ein jobbar ut ifrå. Både diakoninemnder, sokneråd, andre frivillige og tilsette i kyrkja (prestane, diakon, kantor og tilsette i trusopplæringa osv.) bidreg i dette, i tillegg til at ein samarbeider med lag, organisasjonar og kommunen der det er naturleg. Arbeidet er retta mot personar i ulike aldersgrupper og i ulike livssituasjonar, samt samfunnet generelt.
Diakoniplanar
Den norske kyrkja har ein nyleg revidert den nasjonale diakoniplanen. Den har endå ikkje kome på nynorsk, men her ligg den som pdf på bokmål
Kvart sokn har eigen diakoniplan:
Diakoniplan for Gloppen sokn (pdf)
Diakoniplan for Breim sokn (pdf)
Diakoniplan for Hyen sokn (pdf)
Diakoninemndene (pdf)
Diakon
Frå 1. september 2019 vart Ingebjørg Isane Fure tilsett som diakon i kyrkja i Gloppen i 50 % stilling. Ho har arbeidsplass på Gloppen kyrkjekontor, men er også ute på ulike samlingar, møte, besøksteneste og nokre gudstenester.
Frivillig arbeid
Eit av ansvarsområda til diakonen er å følgje opp det frivillige diakonale arbeidet i både Breim, Gloppen og Hyen sokn, og vere med og utvikle dette. Her er mange flotte frivillige som gjer ein solid innsats for medmenneska!
Har du lyst å vere med og bidra i det frivillige arbeidet? Det finst mange ulike oppgåver ein kan engasjere seg i, som t.d. praktisk arbeid med mat og tilrettelegging for samlingar på bufellesskap og Omsorgssenteret, andakter eller ord til oppmuntring, song og musikk, ha tid til å snakke med medmenneske på ulike samlingar enten det er eldre, innvandrarar eller ungdom, vere ein besøksvenn, bidra med kyrkje–skyss til gudstenester, vere forbedar osv.
Kanskje har du ein idè om noko som kan gjerast innan områda nestekjærleik, inkluderande fellesskap eller kamp for rettferd?
Ta gjerne kontakt med diakonen! Også om du ser behov som du ønskjer at kyrkja kan gjere noko med.
Foto: Pixabay
Samtaler
Treng du nokon å snakke med om noko i livet? Det kan til dømes handle om vanskelege situasjonar og val, einsemd, sorg, smerte, tvil og tru. Samtaletenesta til kyrkja, ofte kalla sjelesorg, kan romme heile livet, alt etter kva den som kjem til samtale, ønskjer å snakke om. Uavhengig av livssituasjon og livssyn, vil kyrkja møte den enkelte som kjem til samtale med omsorg og respekt.
Teieplikt er eit sjølvsagt fundament for samtalene. Både prestane og diakonen kan spørjast om samtale.
Ein kan også spørje om heimebesøk i heile kommunen når det er behov for det.
Sorggruppe
Kyrkja i Gloppen gjev tilbod om deltaking i sorggruppe for dei som har mista nokon nær. Les meir om det på denne sida.
Foto: Pixabay
Kontaktinfo
Kontaktinfo for diakonen, prestane og dei andre tilsette (lenke)
Faste kontordagar for diakonen:
Tysdag 9.30 – 13.30 (stabsmøte på føremiddagen)
Onsdag 9.30 – 13.30 (annan kvar onsdag på besøksteneste på Omsorgssenteret 10.00–11.30)
Torsdag 9.30 – 13.30
Endringar vil forekome ved uteoppdrag. Ho er også tilgjengeleg på kontoret og på telefon andre tider/dagar, alt etter korleis veka ser ut med uteoppdrag.
Ta kontakt ved behov.
Skriv ei bøn eller tenn lys på «be.kirken.no»
Anna info
Opningstider: primærtid
(sannsynlegvis til stades)
tysdag 12-14
onsdag-torsdag 10-14
elles etter avtale
Telefon: 5786 5616
epost(felles): post@gloppen.kyrkja.no
Organisasjonsnr.: 976 996 690
Kontonr. 3710 15 85388
Vippsnummer:
Gloppen sokn:
-Vereide kyrkje: #134651
-Gimmestad kyrkje: #134657
-Gamle Gimmestad kyrkje: #576297
-Sandane kyrkje: #130577
Breim sokn: #121942
Hyen sokn: #529127
Kyrkjebladet: #554210
Bli fast gjevar til eit av sokna![]() Bli med i frivillig innsats i kyrkja: |
![]() Sjå òg dugnadskort Gloppen sokn |
Videoar frå Bjørgvin bispedøme ![]() |