Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

lørdag 6 juli
Gamle Gimmestad kyrkje
søndag 7 juli
Selja
lørdag 13 juli
Breim kyrkje
søndag 14 juli
Vereide kyrkje
søndag 21 juli
Vereide prestegard
søndag 28 juli
Nesholmen leirstad
Gamle Gimmestad kyrkje
søndag 4 august
11:00 Dimma
Friluftsgudsteneste
søndag 11 august
Vereide kyrkje
søndag 18 august
Heradsplassen

Gravplassforvaltninga i Gloppen

 

Velkommen til gravplassforvaltinga i Gloppen kommune!

Det er Gloppen kyrkjelege fellesråd som i samsvar med lova er gravplassmynde og har ansvar for det administrative og praktiske knytt til gravplassane i kommunen. Vi forvaltar gravplassane med respekt for dei avdøde sine tru– eller livssyn. Gravplassane er òg ein stad for levande, og difor er det viktig for oss at etterlatne og besøkjande på gravplassane skal oppleve dei som ein god stad for å sørge og minnast.

Vi har fokus på å yte service og gje tryggleik. Våre medarbeidarar har som overordna mål at forvaltninga skal vere profesjonell og verdig.

Gravplassmynde sin telefon 57 86 56 16 er open for henvendingar frå publikum på vekedagane frå kl 09.00–15.00

Innbyggjarar som har valt digital postkasse, og som ikkje har reservert seg, vil motta post frå Gravplassmynde i si digitale postkasse. Ynskjer du å opprette ein digital postkasse? Nærmare informasjon om korleis du går fram finn du på norge.no(link)

Gravplassforvaltinga i Gloppen er ein del av Gloppen kyrkjelege fellesråd.

 

Festeavtale og gravleige

  • Når ei kistegrav (eller urne i kistegrav) vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av.
  • Den reserverte grava vert ei festegrav som ein må betale festeavgift/gravleige for frå første dag.
  • Retten til å feste ei ekstra grav gjeld berre ved gravlegging av person som ved dødsfallet var busett i Gloppen.
  • Når festetida er ute, kan gravstaden festast for 5 nye år.
  • 60 år sidan etter siste gravlegging, må ein søkje fellesrådet om ytterlegare forlenging av festet dersom ein har gyldig grunn for dette.
  • Det er festar sitt ansvar å syte for at gravleige blir betalt slik at festeavtala blir halde i hevd. 

Gravminne

  • Før ein monterar gravminne skal dette godkjennast av gravplassforvaltinga. Storleik, utsjånad og plassering.
  • Det er festar sitt ansvar å halde gravminnet i hevd.
  • Dersom gravplassforvaltinga meinar at grava bør ha ettersyn, feks rette opp gravminne eller at busker er blitt for store, får du melding/brev om dette. 
  • Treng du hjelp til retting eller justering av gravminne kan du kontakte lokal maskinentrepenør Per Arne Skrivarvik McCall (telefon 959 72 104), eller dei lokale gravferdsbyråa, sjå link under.
  • Gravplassforvaltinga tilbyr stellavtale som inkluderer beplantning vår og haust, samt stell/vatning. Ta kontakt for bestilling. 
  • Hugs at du ikkje treng å plante foran gravminnet, men kan la det etablere seg plen. Då sler gravplassarbeidaren med kantklippar kring minnet 3–4 gangar i sesongen. 
  • Gravplassmynde kan gje tillating til å foreta namneflytting "symbolsk flytting"(link) frå eit gravminne til eit anna gravminne eller namna minnelund (når dette er oppretta). Namnet må då fjernast frå det opprinnelige gravminnet. 

Namna minnelund

  • Fleire spør etter namna minnelund der urner blir sett ned i eit felles område med felles minnesmerke.
  • I Gloppen har ein ikkje namna minnelund per no, men dette er under planlegging på Fredly gravplass nær Sandane sentrum.

Vern

  • Gravminner kan vernast for ettertida.
  • I Gloppen har ein ikkje noko vedtak på vern av gravminner, men gravplassforvaltinga har registert ein del gravminner som mogleg verneverdige. Festar kan melde inn til gravplassforvaltaren dersom der er gravminner som ein meinar skulle vore verna. Vern av gravminne gjeld sjølve gravminnet og ikkje nødvendigvis grava den står på. 

Faktura

  • Har du fått faktura med eit gravnummer les du gravnummeret 01.A.01.001 slik: 
 01(=gravplass) A(=felt) 01(=rad) 001 (=grav i rad, gjerne rekna frå venstre) 
  • Gravplassane er nummerert slik:
        01–Vereide gravplass 
        02–Breim gravplass 
        03–Fredly gravplass 
        04–Gimmestad gravplass 
        05–Hyen gravplass  
        06–Eimhjellen gravplass 
        07–Vereidskyrkja gravplass 

 

Ta gjerne kontakt(link) med gravplassforvaltinga i Gloppen om du har spørsmål knytt til gravferd, fester og gravleige

 

Lenker