menighet
Tilgjengelighetserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

lørdag 19 oktober
18:00 Konsert
Hyen kyrkje
søndag 20 oktober
Sandane kyrkje
Hyen kyrkje
Breim kyrkje
mandag 21 oktober
Sandane kyrkje
søndag 27 oktober
Vereide kyrkje
Sandane kyrkje
lørdag 2 november
Gimmestad kyrkje
søndag 3 november
Hyen kyrkje
Vereide kyrkje

Frivillig teneste i kyrkja

 

GJEVARTENESTE er ei kjempegod støtte til arbeidet i soknet. Det gir rom for langsiktig planlegging og auka aktivitet i kyrkjene våre! 

Gloppen sokn har fått på plass fast gjevarteneste med skattefrådrag. Midlane går mellom anna til trusopplæringa, diakoniarbeidet og ombygging av Sandane kyrkje. Sjå meir info i Brosjyre for gjevarteneste Gloppen sokn. Du kan registrere deg som fast gjevar, eller gje eit eingongsbeløp i dette skjemaet.

Breim sokn og Hyen sokn har også behov for faste gjevarar. Midlane går mellom anna til trusopplæring, diakoniarbeid og anna kyrkjelydsarbeid.

Ta kontakt med sokneråda om du ønsker bli fast gjevar; e–post: breim.sokn@gloppen.kyrkja.no / e–post: hyen.sokn@gloppen.kyrkja.no
http://gloppen.kirkene.net/img/14_12_2020_Sokneraad/Dugnad.jpg

 

 


BESØKSTENESTE 

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste, og besøkstenesta er ein del av det diakonale arbeidet i kyrkjelydane. Det er eit tilbod til menneske som av ulike grunnar ønskjer ein besøksvenn. Målet er at menneske skal få oppleve fellesskap og kontakt med same person over tid. Besøkstenesta kan også vere ein døropnar til at ein får tilhøyrsle i større fellesskap der besøksven og den som får besøk, kan gå i lag. Det som her kallast besøksteneste omfattar også aktivitetsteneste; når ein vil gjere noko saman utanfor heimen. Sjå meir info i brosjyra for besøksven (pdf)

 

   http://gloppen.kirkene.net/img/14_12_2020_Sokneraad/Dugnad.jpg                             



DUGNADSKORT 

Skjema med oversikt over oppgåver og registrering finn du på denne sida.
Dersom du har tankar/idear om andre ting du vil bidra med, kan du krysse av for "Andre" og fylle ut info om det. Du kan også laste ned skjemaet i Word, fylle ut og sende det inn til kontaktinfoen under: berit.aasebo.hauge@gmail.com  Hugs! Alle tenester er like verdifulle! Små eller store, vi treng å arbeide saman!