Kyrkja i Gloppen
Meny

KALENDER

søndag 17 oktober
Sandane kyrkje
11:00 Dåp
Hyen kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 21 oktober
Sandane kyrkje
søndag 24 oktober
Vereide kyrkje
søndag 31 oktober
Breim kyrkje
torsdag 4 november
Sandane kyrkje
søndag 7 november
Hyen kyrkje
Breim kyrkje
torsdag 18 november
Sandane kyrkje
søndag 21 november
Breim kyrkje
fredag 26 november
19:30 Konsert
Vereide kyrkje
søndag 28 november
16:00 Lysmesse
Hyen kyrkje
torsdag 2 desember
Sandane kyrkje
søndag 12 desember
20:00 Konsert
Breim kyrkje
lørdag 25 desember
Breim kyrkje
søndag 26 desember
Hyen kyrkje
onsdag 29 desember
Hyen kyrkje
torsdag 30 desember
17:00 Konsert
Breim kyrkje
torsdag 6 januar
Fjordhestgarden
Sandane kyrkje
søndag 16 januar
Breim kyrkje
torsdag 20 januar
Sandane kyrkje
torsdag 3 februar
Sandane kyrkje
torsdag 17 februar
Sandane kyrkje

Gravferd

Gravferd

Når nokon døyr tek ein vanlegvis kontakt med gravferdsbyrået først. Så kan den som er ansvarleg for gravferda, eller vanlegvis gravferdsbyrået, henvende seg til Kyrkjeverja når det er spørsmål om gravferdsdag og gravstad.  Kyrkjeverja informerer straks presten som skal leie gravferda, som igjen vil ta kontakt med familien for å avtale førebuinga av gravferda. Dei er sjølvsagt velkomne til sjølv å ta kontakt med presten det gjeld. Normalt vil det seie sokneprest Vidar Bjotveit i Gloppen sokn (tidlegare Vereide og Gimmestad sokn) og sokneprest Tore Myklebust i Breim og Hyen sokn

I Gloppen har vi eit lokalt gravferdsbyrå, Sandane gravferdsbyrå. Andre gravferdsbyrå kan så klart også nyttast. 



Japansk kirsebærtre ved Vereide gravplass 

Praktisk informasjon

Kyrkjekontoret i Gloppen legg til rette for at gravferd kan gjennomførast på ein verdig måte. Dei fleste som syter for ei gravferd vel å engasjere eit gravferdsbyrå. Om ein gjer det, vil gravferdsbyrået ta den nødvendige planlegginga, og gjere dei nødvendige avtalar med kyrkjekontoret.


Tidspunkt for gravferda

Gravlegging skal skje seinast 10 virkedagar etter dødsfallet dersom avdøde ikkje vert kremert. Tidspunkt for gravferd vert fastsett av kyrkjeverja etter avtale med den som syt for gravferda eller gravferdsbyrå. Ved kremasjon må urne settast i jorda innan 6 månader etter dødsfallet.


Rett til å syte for gravferda

Det er dei næraste etterlatne til avdøde som har rett til å syte for gravferd. Gravferdsloven fastset retten til å syte for gravferd i slik rekkjefølgje; ektefelle, barn, foreldre, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. Hvis det før dødsfallet er sett fram skriftleg erklæring om kven som har denne retten, skal denne ha fortrinnsrett.


Grav

Alle innbyggjarar i Gloppen kommune har rett til fri gravlegging og fri grav. Ein kan velje fritt kva gravplass i kommunen ein ønskjer gravlegging. Kyrkjeverja tilviser grav. Ein har høve til gjenbruk av eksisterande grav under vilkår av at grava ikkje er freda, og at festar samtykkjer i at grava kan opnast for gjenbruk. Askeurne kan likevel setjast ned i freda grav.


Feste

Når ei kistegrav eller urne i kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av. Denne grava vert ei festegrav som den ansvarlege for grava må betale festeavgift/gravleige for frå første dagen. Retten til å feste ei ekstra grav gjeld berre ved gravlegging av person som ved dødsfallet var busett i Gloppen.
Når festetida er ute, kan gravstaden festast for 5 nye år. Når det er gått 60 år sidan siste gravlegging, må ein søkje fellesrådet om om ytterlegare forlenging av festet.

Kremasjon

Dei aller fleste som vert gravlagt i Gloppen vert gravlagt i kiste, men fleire vel no kremasjon og urnenedsetting. Vi oppmodar om at ein nyttar denne løysinga. Dette vil gje ei lettare belasting på areal, arbeidsmengd for gravplassmynde og kostnad for familien. Ein kan sette ned inntil 6 urner i ei kistegrav som allereie er teken i bruk. Dersom ein vel å sette urne i ny kistegrav kan ein sette ned inntil 6 urner i denne. (ei urnergrav er rekna til 0,5x0,5 meter + plass til gravminne) 


Utanbygds gravlegging

Også personar som ikkje var busett i kommunen kan gravleggast her, men det vert då kravd avgift for gravleige, kiste� eller urneavgift, samt seremoniavgift dersom ein skal ha kyrkjeleg seremoni i samband med gravlegginga.


Namna minnelund

I Gloppen har ein ikkje namna minnelund i dag, men det er under planlegging. Ein ser at det er fleire og fleire som spør etter dette, men det er diverre ein kostnad med å etablere slike felt, så enn så lenge blir det med planlegginga.

Ta kontakt med kyrkjekontoret i Gloppen om du har spørsmål knytt til gravferd, fester og gravleige.

Gjeldande vedtekter for kyrkjegardane i Gloppen kommune finn du her: (pdf

Sjå tidlegare utgåver »

Anna info

Opningstider: primærtid
(sannsynlegvis til stades)
 
tysdag 12-14
onsdag-torsdag 10-14
elles etter avtale
Telefon: 5786 5616
epost(felles): post@gloppen.kyrkja.no
Organisasjonsnr.: 976 996 690
Kontonr. 3710 15 85388

Vippsnummer
Gloppen sokn:
-Vereide kyrkje: #134651
-Gimmestad kyrkje: #134657
-Sandane kyrkje: #130577

Breim sokn: #121942

Hyen sokn: #529127

Kyrkjebladet: #554210 

Bli fastgjevar til eitt av sokna
Gje


Bli med i frivillig innsats i kyrkja:
Frivillig.no
Sjå òg dugnadskort Gloppen sokn

https://gloppen.kyrkja.no/img/03_07_2020_Illustrasjonar/fb.jpg



Følg oss på Instagram
https://gloppen.kyrkja.no/img/29_06_2020_Logo/Instagram-ikon.150.jpg




Videoar frå Bjørgvin bispedøme
https://gloppen.kyrkja.no/img/29_06_2020_Logo/Vimeo1_150.jpg