Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Samlingar på Gloppen omsorgssenter hausten 2023
Kyrkja i Gloppen har samlingar på Omsorgssenteret torsdagar kl. 16.15. Samlingane er opne for tuna rundt og for heimebuande eldre som kan ha glede av å vere med. Følgjevenn / familiemedlem som følgjer er også velkomne til å vere med.
Foto: Aritha, Pixabay.
Kyrkja i Gloppen har samlingar på Omsorgssenteret torsdagar kl. 16.15. Samlingane er opne for tuna rundt og for heimebuande eldre som kan ha glede av å vere med. Følgjevenn / familiemedlem som følgjer er også velkomne til å vere med.
Kan du tenkje deg å vere med som frivillig med praktiske oppgåver under andaktene eller hyggestundene? Vi har ein flott gjeng frivillige, men det er behov for fleire å rullere mellom. Oppgåvene er å vere med og trille bebuarar til og frå kantina, prate med dei, dele ut songbøker, hjelpe nokre å slå opp songar i bøkene og litt ordning med bord og stolar etter samlinga. Sjå lenker lengst nede i saka for meir info og kontaktinfo.
Torsdag | 17. aug. | kl. 16.15 | Hyggestund |
Torsdag | 24. aug. | kl. 16.15 | Andakt v/ Tore Myklebust |
Torsdag | 31. aug. | kl. 16.15 | Hyggestund - avlyst |
Torsdag | 7. sept. | kl. 16.15 | Nattverdsgudsteneste v/ Vidar Bjotveit |
Torsdag | 14. sept. | kl. 16.15 | Hyggestund |
Torsdag | 21. sept. | kl. 16.15 | Andakt v/ Tore Myklebust |
Torsdag | 28. sept. | kl. 16.15 | Hyggestund |
Torsdag | 5. okt. | kl. 11.15 | Babysong |
Torsdag | 12. okt. | kl. 16.15 | Hyggestund |
Torsdag | 19. okt | kl. 16.15 | Andakt v/ Vidar Bjotveit |
Torsdag | 26. okt | kl. 16.15 | Hyggestund |
Torsdag | 2. nov. | kl. 16.15 | Nattverdsgudsteneste v/ Tore Myklebust |
Torsdag | 9. nov. | kl. 16.15 | Hyggestund |
Torsdag | 16. nov. | kl. 16.15 | Andakt v/ Vidar Bjotveit |
Torsdag | 23. nov. | kl. 16.15 | Hyggestund |
Torsdag | 30. nov. | kl. 11.15 | Babysong |
Torsdag | 7. des. | kl. 16.15 | Hyggestund |
Torsdag | 14. des. | kl. 16.15 | Andakt v/ Tore Myklebust |
Søndag | 24. des. | kl. 11.00 | Julegudsteneste |
Hyggestundene vert leia av Asbjørn Gjengedal med fleire. Diakon Ingebjørg Isane Fure er også delaktig.
Andaktene er ved prestane Vidar Bjotveit og Tore Myklebust. Kantor Dorothee Raschwitz spelar piano. Frivillige er også med.
Babysong: To av torsdagane vil kyrkjelydsarbeidar Simona Fraas Johnsen legge babysong-samlingar til Omsorgssenteret. Merk tidspunktet kl. 11.15.
Velkomne!
Lenker
Meir info om å vere frivillig ved andakter
Meir info om å vere frivillig ved hyggestunder
Viss ein vil bli med som frivillig kan ein bruke skjemaa i lenkene, eller kontakte diakonen:
E-post: ingebjorg.fure@gloppen.kyrkja.no
Tlf.: 966 18 048
Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 14-08-2023 |