Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila
lørdag 11 mai
Gimmestad kyrkje
søndag 12 mai
Sandane kyrkje
20:00 Konsert
Vereide kyrkje
fredag 17 mai
Hyen kyrkje

Nyheter

No er rapporten om kyrkjeleg organisering sendt på høyring

Rapporten om kyrkjeleg organisering er sendt på høyring til kyrkjelege høyringsinstansar, mellom anna sokneråd og kyrkjelege fellesråd. Svarfrist er 1. desember.


Sidan 2005 har Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja hatt som mål å samle arbeidsgjevaransvaret for alle som jobbar lokalt i kyrkja. I mars 2021 leverte Müller-Nilssen-utvalet si utgreiing om korleis dette kan sjå ut med ei organisering på prostinivå. Ei organisering på dette nivået er ikkje blitt handsama tidlegare, og difor bad Kyrkjerådet om ei utgreiing av dette nivået.
 
Organisering på prostinivå er no utgreidd. Det som her skal høyrast, er om dette er modellar som kan nyttast for å teikne ut ei ny kyrkjeleg organisering av Den norske kyrkja. Kyrkjerådet sender difor rapporten på høyring for å få tilbakemelding på dei ulike forslaga og modellane som Müller-Nilssen-utvalet gjer greie for. I høyringsnotatet blir hovedlinene i utvalet sin rapport presentert, med tilhøyrande høyringsspørsmål. 
 
Det er laga ei informasjonsside om rapporten, som du finn på kyrkja.no/kirkeligorganisering. Der finn du mellom anna ein informasjonsfilm, svar på ofte stilte spørsmål og meir informasjon.
 
Sjølve høyringa finn du på kyrkja.no/hoeringer.
 
Kommunar og andre offentlege høyringsinstansar får ei avgrensa høyring med frist 15. oktober.

HER FINN DU HØYRINGA

 

Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 22-06-2021