Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila
lørdag 11 mai
Gimmestad kyrkje
søndag 12 mai
Sandane kyrkje
fredag 17 mai
Hyen kyrkje
Breim kyrkje

Nyheter

Opplev vêr, vind og velsigning i sommar

Sommaren 2021 satsar kyrkjelydane langs kystpilegrimsleia på arrangement i friluft. Då blir det plass til mange.
I ei samla satsing frå pinse til september, som perler på ei snor, vil dei tilby møteplassar for folk langs leia i Bjørgvin bispedøme og Vestland fylke.

Mellom arrangementa er friluftsgudstenester, pilegrimsvandringar og «sjø-vegs-kyrkjereis». Arrangementa vil vere tilpassa trygt og godt smittevern. Dei lokale kyrkjelydane samarbeider med lokale lag og organisasjonar. Sjå gjerne heimesida www.kystkultur.no for å finne alle arrangementa under vignetten «Meir himmel på fjord». Det vil vere arrangement på dei fleste av nøkkelstadane langs kystpilegrimsleia i vårt fylke: Selja, Kinn, Svanøy, Gulatinget, Kvernsteinsparken i Hyllestad, Lygra, Seim, Bergen, Lysekloster, Halsnøy og Moster. 

Kinn
Det vert opa kyrkje ved frivillig vertskap ved Kinn kyrkje i sommar. Også i år vert det eigne turistruter klokka 1000 frå Florø til Kinn – alle dagar utanom onsdag og søndag. Ved kyrkja er det ope for besøk og daglege tidebøner klokka 1330 og 1900. Det går ein fin rundtur omkring øya og i tillegg er det fleire fine fjellturar ein kan gå. Flora turlag driv turlagshytte på Kinn. Kinn kyrkje er ein av nøkkelstadane på kystpilegrimsleia og ein vil kunne stemple pilegrimspasset her. 

 

Publisert av: Tore Myklebust den 06-05-2021