Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila
lørdag 11 mai
Gimmestad kyrkje
søndag 12 mai
Sandane kyrkje
fredag 17 mai
Hyen kyrkje
Breim kyrkje

Nyheter

Oppdaterte smittevernreglar for Kyrkja

Kyrkja kan samle fleire
Den norske kyrkja sende ut oppdaterte smittevernreglar 26.05. Ein kan no samle inntil 200 på gudstenester og kyrkjelege handlingar. Men det er framleis anbefalt 1 meter avstand. Det gjer at det reelle talet blir lågare og ulitkt frå kyrkje til kyrkje. Her kan du lese kva det har å seie for gudstenester og andre samlingar i Kyrkja i Gloppen.

Saka er oppdatert 26. mai.

Viktige punkt i den den gjeldande smittevernvegleiaren: 

1. Max 200 til gudstenester, gravferder og vigslar, med tilviste plassar. Det skal no vere 1 meter mellom kohortane.


Lenke til smittevernvegleiaren for Den norske kyrkja.

Gudstenestene
For gudstenestene framover ligg det ei lenke til påmelding under kvar gudsteneste i kalenderen.
Også til dei gudstenestene som ein rekanar med at det er god plass er det veldig fint om de brukar påmeldinga. Det lettar registeringsarbeidet mykje. Eventuelt kan du møte opp og sjå om det er plass.

For dei besøkjande si skuld, og dei som arbeider i kyrkja, ber vi om at du les informasjonen nøye. Ting forandrar seg fort, og nye reglar kan dukke opp.
Gjer det til ei vane å gå til denne sida før du går i gudsteneste, slik at du held deg oppdatert. 

Smittevern for kyrkjene i Gloppen
Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades.
Det gjeld her, slik som andre stadar: Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon, eller er i karantene, skal du ikkje vere til stades på arrangement i kyrkja.

Rutinar for handhygiene og reinhald
Handsprit er tilgjengeleg ved inngang og på forskjellege stadar i kyrkja.
Dørhandtak, benkar, nattverdskalkar og andre kontaktpunkt vert reingjort og desinfisert mellom kvart arrangement. Ver vennleg og bruk handspriten.

God avstand og minst mogeleg fysisk kontakt
Hald avstand, minst ein meter, både inne og ute.
(dette gjeld ikkje dei som bur i same husstand)
Maksimalt 100 personar kan vere til stades i tillegg til medverkande. I praksis vil 2 av 3 benkar blir stengde for å oppretthalde to meter avstand. Ikkje bruk desse benkane.

Registrering av deltakarar
Vi registrerer namn og telefonnummer på dei som møter. Ein kan skrive namn og telefonnummer på ein lappe og levere når ein kjem til kyrkja, eller ta det muntleg med dei som registrerer. 
Styresmaktene har bestemt at vi skal ha oversikt oven kven som er i kyrkja, slik at vi kan bidra ved eventuell smittesporing. Registreringslista vert oppbevart trygt i 14 dagar før den vert makulert.
Dette jfr. Covid-19-forskriftens §13.

Det vil også henge plakatar i kyrkjene med reglane. 


Dåp
Det vert oppmoda til å prioritere å gjennomføre dåp. Det kan vere lokale forskjellar på om dette vil skje i høgmessa eller som eiga samling. Du kan melde dåp på denne sida, eller ta kontakt med kyrkjekontoret / prestane.

Gravferd
Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 200 til stades som skal ha minst 1 meter avstand mellom kvarandre / Kohortar (huststandar) som kan sitte tettare. Avstandskrava reduserer slik deltakertalet drastisk. Kommunelegen kan sette strengare grenser.

Vigsler
Vigsler (bryllup) kan gjennomførast på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.

Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 06-11-2020