menighet
Tilgjengelighetserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

lørdag 19 oktober
18:00 Konsert
Hyen kyrkje
søndag 20 oktober
Sandane kyrkje
Hyen kyrkje
Breim kyrkje
mandag 21 oktober
Sandane kyrkje
søndag 27 oktober
Vereide kyrkje
Sandane kyrkje
lørdag 2 november
Gimmestad kyrkje
søndag 3 november
Hyen kyrkje
Vereide kyrkje

Nyheter

Tomasmesse i Breim kykje

Vi tek opp att tradisjonen med Tomasmesse i Breim kyrkje. Søndag 20. oktober kl. 19.00 kan du få med deg denne gudstenesta som på ein ein litt annleis måte gjev rom for både tvil og tru. 

Tomasmessa har namn etter læresveinen Tomas. Tomas tvilte då dei andre fortalde at Jesus hadde stått opp frå dei døde, men han søkte etter sanning og fekk konkret hjelp til å tru. I denne gudstenesta får vi hjelp til å søkje Gud på ein konkret måte gjennom songar, bøner og det vi gjer saman.

Medverkande: 
Ei bibelgruppe i Breim i lag med sokneprest, diakon, kantor og forsongarar. 
Samtalepreike ved Leidulf Bogstad og Tore Myklebust.
Bønevandring med stasjonar der det er høve til
- å tenne lys
- skrive bøner
- legge ein stein på eit bønealtar som hjelp til å legge frå seg noko tungt ein ber på
- be om forbøn 
- ein stasjon for nattverd 
- ein kan gje gåve til Stefanus-alliansen sitt arbeid for forfylgde menneske

Det blir kjeks, frukt og drikke etterpå. 

Tomasmessa er for folk i alle aldrar og passar godt også for konfirmantar og andre unge. 

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til Breim kyrkje denne søndagskvelden! 

Publisert av: Breim den 11-10-2024