menighet
Tilgjengelighetserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 29 september
Gimmestad kyrkje
mandag 30 september
Sandane kyrkje
lørdag 5 oktober
Breim kyrkje
Gimmestad kyrkje
søndag 6 oktober
Vereide kyrkje
Breim kyrkje
mandag 7 oktober
Sandane kyrkje
søndag 13 oktober
Vereide kyrkje
lørdag 19 oktober
18:00 Konsert
Hyen kyrkje
søndag 20 oktober
Sandane kyrkje

Nyheter

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Der ingen skulle tru

- ein førjulskonsert om livet på veglause gardar i Nordfjord. 

 

Tid og stad: 8.november kl 19 i Vereide kyrkje.

Ensemble Nordlys er eit prosjekt-ensemble satt saman av musikarar frå eller med tilknyting til Gloppen. Musikarane har i ei årrekke spelt i lag i ulike samanhengar og har no funne saman i eit mindre ensemble.

I denne konserten vil Oddgeir Bruaset fortelje historier frå Nordfjord frå sine to bøker «På fjellhylle og havstrand – livet på veglause gardar» og «Jul, der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Ensemble NordLys vil saman med

Arne Sølvberg set musikk til historiene som Oddgeir Bruaset fortel. Historiene blir også illustrert ved bileter vist på storskjerm.

 

Oddgeir Bruaset er i dag ein svært aktiv pensjonist som er kjent for dei fleste som både journalist, programleiar og forfattar. 1971 starta han å arbeide for NRK Møre og Romsdal, og har jobba for NRK heilt til han i 2014 gjekk av med pensjon. Oddgeir Bruaset har vunne ei rekkje prisar, mellom andre Sunnmørsprisen i 1991, Kringkastingsprisen 1993 og Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1999. I 2003 fekk han Alf Helleviks mediemålpris for målføringa si i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

I 1996 vann Arne M. Sølvberg Spellemannprisen i klassa Folkemusikk/ Gammaldans for plata Nordfjordslåttar. I 1994 fekk han Stryn kommune sin kulturpris. I 1990 vart han nominert til Spellemannprisen 1990 for plata Syngjande strenger saman med gitaristen Øyvind Lyslo som også er med i Ensemble NordLys.

 

Øvrige medvirkande: 

Øyvind Lyslo: gitar

Synnøve Nordvik: song

Håvard Nordvik: trompet og flygelhorn

Dorothee Raschwitz: piano og orgel

Jakob Leiv Kroken: kontrabass og elbass

Thomas Aanonlie: perkusjon og melodisk slagverk

Øystein Eide: Lyd&Lys – teknisk

 

Billettar vert lagt ut i september

Publisert av:  den 22-08-2024