Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

lørdag 6 juli
Gamle Gimmestad kyrkje
søndag 7 juli
Selja
lørdag 13 juli
Breim kyrkje
søndag 14 juli
Vereide kyrkje
søndag 21 juli
Vereide prestegard
søndag 28 juli
Nesholmen leirstad
Gamle Gimmestad kyrkje
søndag 4 august
11:00 Dimma
Friluftsgudsteneste
søndag 11 august
Vereide kyrkje
søndag 18 august
Heradsplassen

Nyheter

Seljumannamesse 1000 år 5.-8. juli 2024

Seljumannamesse er ein av våre eldste kristne merkedagar, og blir feira kvart år rundt 8. juli på Selja og Kinn. I år er messa søndag 7. juli kl 12. 

Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landskapslovene. Difor feirar vi no 1000 års-jubileum på Seljumannamesse i 2024.

Feiringa blir markert med ein jubileumsseglas mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga 5.-8. juli 2024 med veteranbåten m/s Atløy. Denne seglasen inngår som ein etappe i ein verdiseglas langs heile Kystpilegrimsleia 2024, og er også ein del av jubileumsstafetten fram mot Nasjonaljubileet Norge i 1000 år.

Det blir verdisamtalar, kulturprogram og folkefest på alle stoppestadene. I tillegg blir det arrangert Keltisk pilegrimskonferanse på Fjordly og messe på Selja kloster og Kinn gamle kyrkje. Les detaljert program for kvar stoppestad her https://www.seljakloster.com/seljumannamesse.

 

Vi håpar mange blir med til kysten!

For gudstenesta i Selja kloster søndag 7.juli arrangerer vi samkøyring. Treng du plass i ein bil, eller har du ledig plass i ein bil? Send ein epost til mbf@gloppen.kyrkja.no eller ring 40280027.

Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 25-06-2024