Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila
lørdag 11 mai
Gimmestad kyrkje
søndag 12 mai
Sandane kyrkje
20:00 Konsert
Vereide kyrkje
fredag 17 mai
Hyen kyrkje

Diakoni


Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.


Foto: Bo Mathisen.

Den norske kyrkja forstår seg sjølv som ei tenande kyrkje. Diakonien er eit kjenneteikn ved heile det oppdraget kyrkja har. Den pregar fellesskapet og livet til den einskilde. 

I kyrkja i Gloppen har kvart sokn lokale diakoniplanar som ein jobbar ut ifrå. Både diakoninemnder, sokneråd, andre frivillige og tilsette i kyrkja (prestane, diakon, kantor og tilsette i trusopplæringa osv.) bidreg i dette, i tillegg til at ein samarbeider med lag, organisasjonar og kommunen der det er naturleg. Arbeidet er retta mot personar i ulike aldersgrupper og i ulike livssituasjonar, samt samfunnet generelt.

Diakoniplanar
Den norske kyrkja reviderte den nasjonale diakoniplanen i 2020, Revidert plan for diakoni

Kvart sokn har eigen diakoniplan:
Diakoniplan for Gloppen sokn (pdf)
Diakoniplan for Breim sokn (pdf)
Diakoniplan for Hyen sokn (pdf)


Diakoninemndene (pdf)

Diakon
Ingebjørg Isane Fure er diakon i kyrkja i Gloppen i 50 % stilling. Ho har arbeidsplass på Gloppen kyrkjekontor, men er også ute på ulike samlingar, møte,  besøksteneste og nokre gudstenester. Hausten 2022 og våren 2023 tok ho vidareutdanning i sorgstøttearbeid ved VID høyskolen.


Frivillig arbeid
Eit av ansvarsområda til diakonen er å følgje opp det frivillige diakonale arbeidet i både Breim, Gloppen og Hyen sokn, og vere med og utvikle dette. Her er mange flotte frivillige som gjer ein solid innsats for medmenneska! 

Har du lyst å vere med og bidra i det frivillige arbeidet? Det finst mange ulike oppgåver ein kan engasjere seg i, som t.d. praktisk arbeid med mat og tilrettelegging for samlingar på bufellesskap og Omsorgssenteret, andakter eller ord til oppmuntring, song og musikk, ha tid til å snakke med medmenneske på ulike samlingar enten det er eldre, innvandrarar eller ungdom, vere ein besøksvenn, bidra med kyrkje–skyss til gudstenester, vere forbedar osv.
Kanskje har du ein idè om noko som kan gjerast innan områda nestekjærleik, inkluderande fellesskap eller kamp for rettferd? 
Ta gjerne kontakt med diakonen! Også om du ser behov som du ønskjer at kyrkja kan gjere noko med. 


Foto: Pixabay

Samtaler
Treng du nokon å snakke med om noko i livet? Det kan til dømes handle om vanskelege situasjonar og val, einsemd, sorg, smerte, tvil og tru. Samtaletenesta til kyrkja, ofte kalla sjelesorg, kan romme heile livet, alt etter kva den som kjem til samtale, ønskjer å snakke om. Uavhengig av livssituasjon og livssyn, vil kyrkja møte den enkelte som kjem til samtale med omsorg og respekt. 
Teieplikt er eit sjølvsagt fundament for samtalene. Både prestane og diakonen kan spørjast om samtale. 
Ein kan også spørje om heimebesøk i heile kommunen når det er behov for det.

Sorggruppe
Kyrkja i Gloppen gjev tilbod om deltaking i sorggruppe for dei som har mista nokon nær. Les meir om det på denne sida.


Foto: IIF.

Kontaktinfo
Kontaktinfo for diakonen, prestane og dei andre tilsette (lenke)

Faste kontordagar for diakonen:
Tysdag 9.30 – 13.30 (stabsmøte på føremiddagen)
Onsdag 9.30 – 13.30
Torsdag 9.30 – 13.30 
Endringar vil forekome ved uteoppdrag. Ho er også tilgjengeleg på kontoret og på telefon andre tider/dagar, alt etter korleis veka ser ut med uteoppdrag.
Ta gjerne kontakt ved behov. 

 

Lenker