Den Norske Kyrkja
Kyrkja i Gloppen
Meny

KALENDER

torsdag 22 oktober
Sandane kyrkje
søndag 25 oktober
Vereide kyrkje
Hyen kyrkje
mandag 26 oktober
Sandane kyrkje
tirsdag 27 oktober
søndag 1 november
Hyen kyrkje
Vereide kyrkje
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
18:00 Konsert
Vereide kyrkje
torsdag 5 november
Sandane kyrkje
søndag 15 november
Breim kyrkje
mandag 16 november
Sandane kyrkje
torsdag 19 november
Sandane kyrkje
søndag 29 november
Breim kyrkje
Sandane kyrkje
mandag 30 november
Sandane kyrkje
torsdag 3 desember
Sandane kyrkje
søndag 6 desember
16:00 Lysmesse
Hyen kyrkje
mandag 14 desember
Sandane kyrkje

Gravferd

Når nokon døyr og det er spørsmål om gravferdsdag og gravstad vender ein seg til kyrkjeverja, som tek avgjerd i slike spørsmål. Kyrkjeverja informerer straks presten som skal leie gravferda, som igjen vil ta kontakt med familien for å avtale førebuinga av gravferda. Dei er sjølvsagt velkomne til sjølv å ta kontakt med presten det gjeld. Normalt vil det seie sokneprest Vidar Bjotveit i Gloppen sokn (tidlegare Vereide og Gimmestad sokn) og sokneprest Tore Myklebust i Breim og Hyen sokn.

Vedtekter for kyrkjegardane i Gloppen kommune (pdf)


Japansk kirsebærtre ved Vereide gravplass

Praktisk informasjon

Kyrkjekontoret i Gloppen legg til rette for at gravferd kan gjennomførast på ein verdig måte. Dei fleste som syter for ei gravferd vel å engasjere eit gravferdsbyrå. Om ein gjer det, vil gravferdsbyrået ta den nødvendige planlegginga, og gjere dei nødvendige avtalar med kyrkjekontoret.

Tidspunkt for gravferda

Gravlegging skal skje seinast 10 virkedagar etter dødsfallet dersom avdøde ikkje vert kremert. Tidspunkt for gravferd vert fastsett av kyrkjeverja etter avtale med den som syt for gravferda eller gravferdsbyrå. Ved kremasjon må urne settast i jorda innan 6 månader.

Rett til å syte for gravferda

Det er dei næraste etterlatne til avdøde som har rett til å syte for gravferd. Gravferdsloven fastset retten til å syte for gravferd i slik rekkjefølgje; ektefelle, barn, foreldre, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. Hvis det før dødsfallet er sett fram skriftleg erklæring om kven som har denne retten, skal denne ha fortrinnsrett.

Grav

Alle innbyggjarar i Gloppen kommune har rett til fri gravlegging og fri grav. Ein kan velje fritt kva gravplass i kommunen ein ønskjer gravlegging. Kyrkjeverja tilviser grav. Ein har høve til gjenbruk av eksisterande grav under vilkår av at grava ikkje er freda, og at festar samtykkjer i at grava kan opnast for gjenbruk. Askeurne kan likevel setjast ned i freda grav.

Kremasjon

Dei aller fleste som vert gravlagt i Gloppen vert gravlagt i kiste. Det er høve til å velje kremasjon og vi oppmodar om at ein nyttar denne løysinga som er blitt meir vanleg. Dette vil gje ei lettare belasting på areal, arbeidsmengd for gravplassmynde og kostnad for familien.

Utanbygds gravlegging

Også personar som ikkje var busett i kommunen kan gravleggast her, men det vert då kravd avgift for gravfeste, kiste- eller urneavgift, samt seremoniavgift hvis ein skal ha kyrkjeleg seremoni i samband med gravlegginga.

Ta kontakt med kyrkjekontoret i Gloppen om du har spørsmål knytt til gravferd.
Sjå tidlegare utgåver »
Kontaktinfo

Gloppen kyrkjelege fellesråd
/ Gloppen kyrkjekontor

Tlf: 57 86 56 16 
@: post@gloppen.kyrkja.no
Adresse: Åsavegen 130
6823 Sandane 

Opningstider:
primærtid (sannynlegvis til stades)
tysdag 12-14
onsdag-torsdag 10-14
Elles etter avtale, eller sjå om døra er opa.

Organisasjonsnr.: 976 996 690
Kontonr. 3710 15 85388

Tilsette finn du her.

Vippsnummer (lenke)

Sosiale medium
http://www.gloppen.kirkene.net/img/03_07_2020_Illustrasjonar/fb.jpg





Følg Kyrkja i Gloppen på
Instagram
:
http://www.gloppen.kirkene.net/img/29_06_2020_Logo/Instagram-ikon.150.jpg