Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila
lørdag 11 mai
Gimmestad kyrkje
søndag 12 mai
Sandane kyrkje
20:00 Konsert
Vereide kyrkje
fredag 17 mai
Hyen kyrkje

Gravplassforvaltning

Festeavtale og gravleige

  • Når ei kistegrav (eller urne i kistegrav) vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av.
  • Den reserverte grava vert ei festegrav som ein må betale festeavgift/gravleige for frå første dag.
  • Retten til å feste ei ekstra grav gjeld berre ved gravlegging av person som ved dødsfallet var busett i Gloppen.
  • Når festetida er ute, kan gravstaden festast for 5 nye år.
  • 60 år sidan etter siste gravlegging, må ein søkje fellesrådet om ytterlegare forlenging av festet dersom ein har gyldig grunn for dette.
  • Det er festar sitt ansvar å syte for at gravleige blir betalt slik at festeavtala blir halde i hevd. 

Gravminne

  • Før ein monterar gravminne skal dette godkjennast av gravplassforvaltinga. Storleik, utsjånad og plassering.
  • Det er festar sitt ansvar å halde gravminnet i hevd.
  • Dersom gravplassforvaltinga meinar at grava bør ha ettersyn, feks rette opp gravminne eller at busker er blitt for store, får du melding/brev om dette. 
  • Lokal maskinentrepenør Per Arne Skrivarvik McCall (telefon 959 72 104) tek på seg oppdrag med retting av gravminne.  
  • Gravplassforvaltinga tilbyr stellavtale som inkluderer beplantning vår og haust, samt stell/vatning. Ta kontakt for bestilling. 
  • Hugs at du ikkje treng å plante foran gravminnet, men kan la det etablere seg plen. Då sler gravplassarbeidaren med kantklippar kring minnet 3–4 gangar i sesongen. 

Namna minnelund

  • Fleire spør etter namna minnelund der urner blir sett ned i eit felles område med felles minnesmerke.
  • I Gloppen har ein ikkje namna minnelund per no, men dette er under planlegging på Fredly gravplass nær Sandane sentrum.

Vern

  • Gravminner kan vernast for ettertida.
  • I Gloppen har ein ikkje noko vedtak på vern av gravminner, men gravplassforvaltinga har registert ein del gravminner som mogleg verneverdige. Festar kan melde inn til gravplassforvaltaren dersom der er gravminner som ein meinar skulle vore verna. Vern av gravminne gjeld sjølve gravminnet og ikkje nødvendigvis grava den står på. 

Faktura

  • Har du fått faktura med eit gravnummer les du gravnummeret 01.A.01.001 slik: 
 01(=gravplass) A(=felt) 01(=rad) 001 (=grav i rad, gjerne rekna frå venstre) 
  • Gravplassane er nummerert slik:
        01–Vereide gravplass 
        02–Breim gravplass 
        03–Fredly gravplass 
        04–Gimmestad gravplass 
        05–Hyen gravplass  
        06–Eimhjellen gravplass 
        07–Vereidskyrkja gravplass 

 

Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret i Gloppen om du har spørsmål knytt til gravferd, fester og gravleige