Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Samlingar på Gloppen omsorgssenter
Kyrkja i Gloppen har samlingar på Omsorgssenteret torsdagar kl. 16.30. Samlingane er opne for tuna rundt og for heimebuande eldre som kan ha glede av å vere med. Følgjevenn / familiemedlem er også velkomne til å vere med.
Foto: Aritha, Pixabay.
Torsdag 25. april kl. 16.30 Andakt v/ Vidar Bjotveit
Torsdag 2. mai kl. 16.30 Hyggestund
Torsdag 9. mai kl. 16.15 Kristi himmelfartsdag – ikkje samling
Torsdag 16. mai kl. 16.30 Hyggestund
Torsdag 23. mai kl. 16.30 Nattverdsgudsteneste v/Vidar Bjotveit
Torsdag 30. mai kl. 16.30 Hyggestund
Torsdag 6. juni kl. 16.30 Andakt v/Tore Myklebust
Torsdag 13. juni kl. 16.30 Hyggestund
Hyggestundene vert leia av Asbjørn Gjengedal med fleire. Diakon Ingebjørg Isane Fure er også delaktig.
Andaktene er ved prestane Vidar Bjotveit og Tore Myklebust. Kantor Dorothee Raschwitz spelar piano. Frivillige er også med.
Kan du tenkje deg å vere med som frivillig med praktiske oppgåver under andaktene eller hyggestundene? Vi har ein flott gjeng frivillige, men det er behov for fleire å rullere mellom. Oppgåvene er å vere med og trille bebuarar til og frå kantina, prate med dei, dele ut songbøker, hjelpe nokre å slå opp songar i bøkene og litt ordning med bord og stolar etter samlinga. Sjå lenker lengst nede i saka for meir info og kontaktinfo.
Viss ein vil bli med som frivillig kan ein bruke skjemaa i lenkene, eller kontakte diakonen:
E-post: ingebjorg.fure@gloppen.kyrkja.no
Tlf.: 966 18 048
Lenker
Meir info om å vere frivillig ved andakter
Meir info om å vere frivillig ved hyggestunder
Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 14-08-2023 |