Kyrkjelydstur til Ytre Fure 20. august
Bli med på ein tur med vakker og vill kystnatur, trim, kulturhistorie og sosialt treff.
På veg til Ytre Fure. Foto: IIF
Dei to veglause gardane på Ytre Fure, heilt ut mot havet på sørsida av Stadt, har blitt eit stadig meir populært turmål. Gardane vart fråflytta i 1960, men er vedlikehaldne. Ein grunn til at vi set opp kyrkjelydstur dit, er at fleire i Gloppen har spurt Ingebjørg diakon om å få vere med på tur ut der. Ho er lokalkjend, og broren hennar eig garden som viser på bildet over. Turfølgjet får sjå inn i huset som i si tid også var brukt som omgangsskule for barna på Ytre og Indre Fure. Stien vi skal gå ut til Ytre Fure, var altså skulevegen for barna som vaks opp der. Det blir servert kaffi, saft og noko att åt, men ta gjerne med niste.
Kyrkja i Gloppen med alle tre sokna arrangerer turen. Alle som ønskjer er velkomne til å bli med. Vi er avhengige av at det ikkje blir for mykje regn for å kunne gjennomføre turen. Vi håpar på godt vêr!
UT har ei skildring av turen her: https://ut.no/turforslag/115879/midt-i-stormlandet
Det lurt å ha noko trening i terreng for at turen ikkje skal bli for krevjande. Viss du er usikker på om du kan klare turen, kan du kontakte Ingebjørg og få meir detaljar (kontaktinfo lengst nede).
Info om turen 20. august:
- Det blir påmelding til turen. Trykk her for å gå til påmeldingsskjemaet Frist for påmelding: torsdag 18. august.
- Det blir køyring med privatbilar. Vi fyller bilane mest mogleg, både av miljøomsyn og p.g.a. avgrensa parkeringsplassar på Indre Fure.
- Vi møtast på parkeringsplassen ved Gloppen kyrkjekontor / Sandane kyrkje kl. 08.45 og fyller bilane før vi køyrer til 9.20-ferja frå Anda.
- Forslag til sum som passasjerar betalar til sjåfør: 150 kr t/r
- Det tek litt over 2 timar å køyre frå Sandane til Indre Fure
- Frå Indre Fure går ein i om lag 1 - 1 1/2 t ut til Ytre Fure. Der er sti som varierer mellom å gå opp hamrar og ned i fjøra
- Vi reknar med å vere framme på Ytre Fure rundt 12.30-13
- I tillegg til kaffi, mat og prat, blir det også fortalt litt historie om plassen, det blir eit kort Guds-ord for dagen og muligens musikkinnslag
- Seinast i 15-tida rundar vi av og byrjar å gå inn att
- Ein kan rekne med å vere tilbake på Sandane rundt 17.45-18.25
Litt detaljar om kva som er lurt å ha i sekken / ha på seg blir sendt ut på e-post til påmelde nokre dagar i førevegen.
Spørsmål, kontakt:
Ingebjørg Isane Fure
ingebjorg.fure@gloppen.kyrkja.no
Tlf.: 966 18 048
Eller snakk med andre i staben eller soknerådsleiarar.
Turen går delvis opp på hamrar.
Litt luftig nokre stadar, men stien er god der det er høgast ned.
Av: Gloppen kyrkjekontor Publisert: 28-04-2022 |
Skriv ei bøn eller tenn lys på «be.kirken.no»
Anna info
Opningstider: primærtid
(sannsynlegvis til stades)
tysdag 12-14
onsdag-torsdag 10-14
elles etter avtale
Telefon: 5786 5616
epost(felles): post@gloppen.kyrkja.no
Organisasjonsnr.: 976 996 690
Kontonr. 3710 15 85388
Vippsnummer:
Gloppen sokn:
-Vereide kyrkje: #134651
-Gimmestad kyrkje: #134657
-Gamle Gimmestad kyrkje: #576297
-Sandane kyrkje: #130577
Breim sokn: #121942
Hyen sokn: #529127
Kyrkjebladet: #554210
Bli fast gjevar til eit av sokna![]() Bli med i frivillig innsats i kyrkja: |
![]() Sjå òg dugnadskort Gloppen sokn |
Videoar frå Bjørgvin bispedøme ![]() |