Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Bli besøksven eller få ein besøksven
Kan du tenkje deg å bli besøksven for nokon, eller kanskje du ønskjer å få besøk av ein fast person? Les meir!
Illustrasjonsfoto. Foto: Steve Buissinne, Pixabay
Om besøkstenesta
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste, og besøkstenesta er ein del av det diakonale arbeidet i kyrkjelydane. Det er eit tilbod til menneske som av ulike grunnar ønskjer ein besøksvenn. Målet er at menneske skal få oppleve fellesskap og kontakt med same person over tid. Besøkstenesta kan også vere ein døropnar til at ein får tilhøyrsle i større fellesskap der besøksven og den som får besøk, kan gå i lag.
Det som her kallast besøksteneste omfattar også aktivitetsteneste; når ein vil gjere noko saman utanfor heimen.
Få ein besøksven
Besøkstenesta er for deg som ønskjer å snakke med nokon eller gjere noko saman med eit medmenneske, enten ein er ung eller eldre. Ein besøksven er ein du kan prate og drikke kaffi med, gå tur, lese med, gå til kyrkje, dele kultur-opplevingar, osv. Kontakt-personen (diakon) prøvar å kople personar med same interesser. Gjennom livet vil ein vere både den som gir og den som tek imot. Menneskeverdet er uansett det same. Alle er verdt å ha nokon som ser og lyttar til ein. Vi ønskjer at det skal vere låg terskel for å spørje etter ein besøksven.
Illustrasjonsfoto. Foto: Kirkerådet.
Bli ein besøksven
Den som besøker gjer en frivillig innsats. Å vere besøksvenn inneber både å gje og å få. Det er viktig å kunne lytte og prøve å forstå den andre. Den som er i ei teneste for eit medmenneske vil oftast også få noko verdifullt tilbake.
Besøksvenen og den som får besøk, avtaler kor ofte ein vil møtast. Det kan til dømes vere ein til to timar anna kvar veke. Det vil vere fint med ei varigheit i tenesta, men ein binder seg ikkje til ei bestemt tid.
Sjå også meir info om å bli ein besøksven i brosjyra for besøksven (pdf)
Kontaktinfo
Gjeld både om ein ønskjer å få ein besøksven eller bli ein besøksven.
Diakon: Ingebjørg Isane Fure
Tlf.: 966 18 048.
E-post: ingebjorg.fure@gloppen.kyrkja.no
Gloppen kyrkjekontor, Åsavegen 130, Sandane
Ein kan også snakke med soknerådsleiar i det enkelte sokn, eller sokneprest.
Viss ein vil bli besøksven kan ein også registrere seg på www.frivillig.no
Alternativt sjå nettsaka «Dugnadskort Gloppen sokn»
Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 25-08-2021 |