Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Om dugnad på gravplassane i Gloppen sokn
Tradisjonelt har det vore slik at sokneråda har arrangert dugnader på kyrkjegardane. Her ser vi på organiering og samarbeid mellom fellesrådet og soknerådet
I «Handbok for sokneråd og kyrkjelege fellesråd 2019-2023» står det ingenting om at dette er ei oppgåve som ligg til soknerådet. Det står at soknerådet har ansvar for å tenkje strategisk kring det lokale kyrkjelege arbeidet «ut frå behov og tradisjonar i lokalsamfunnet»
Det er på det reine at dei tilsette på kyrkjegardane ikkje har kapasitet korkje tidsmessig eller etter stillingsstorleik å gjere ein del ryddejobbar som trengs etter vinteren.
Fellesrådet har ansvaret og soknerådet er hjelparar.
Kyrkjeverje Audun Mundal og soknerådsleiar har drøfta korleis vi kan samarbeide om å skape eit godt samarbeid og hjelpe kvarandre og har kome fram til at ei slik fordeling kan vere naturleg.
|
|
Dugnadsdag bør vere ein kveld midt i veka td. onsdag.
Kyrkjelydskontoret i Gloppen 19.05.21
Audun Mundal Berit | Aasebø Hauge |
Kyrkjeverje | Leiar i Gloppen sokneråd |
Publisert av: Tore Myklebust den 26-05-2021 |