Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Velkomen til Simona!
Simona Fraas Johnsen er tilsett som kyrkjelydspedagog i Kyrkja i Gloppen.
Simona Fraas Johnsen. Foto: privat.
Vi er svært glade for at Simona har takka ja til å jobbe med trusopplæring i Gloppen. Ho bur på Reed, er gift, har to gutar og jobbar også som musikkterapeut ved Gloppen kulturskule.
Simona starta med 20 % stilling 1. april. Frå 1. august skal ho ha 50 % stilling som kyrkjelydspedagog.
6-åringar i Breim var dei første som fekk møte henne i hennar nye jobb. Palmesøndag delte ho ut 6-årsbok til dei som kom innom kyrkja for å hente boka. Gudstenesta vart avlyst på grunn av dei nasjonale retningslinjene, men det var opa kyrkje nokre timar slik at 6-åringane med foreldre kunne kome til kyrkja og hente boka, samt gå påskevandring. Elles er Simona i gang med å setje seg inn i jobben, og vil ta tak i oppgåver utover våren som har blitt utsett på grunn av koronaen og vakanse i stillinga.
Meir presentasjon av henne kjem i Kyrkjeblad nr 3 seinare i vår.
Hjarteleg velkomen til Simona!
Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 08-04-2021 |