Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila
lørdag 11 mai
Gimmestad kyrkje
søndag 12 mai
Sandane kyrkje
fredag 17 mai
Hyen kyrkje
Breim kyrkje

Nyheter

Den internasjonale bønedagen for kvinner

Den internasjonale bønedagen for kvinner er 5. mars i år. Smittevernreglane tillet at vi kan samlast til denne internasjonale gudstenesta med inn til 45 deltakarar i Sandane kyrkje.

 

Den internasjonale bønedagen for kvinner er ei tverrkyrkjeleg rørsle som rullar over jorda den første fredagen i mars. Det har ho gjort sidan 1887, då kvinner frå ulike kyrkjesamfunn i USA samla seg om ein felles bønedag. I dag har World Day of Prayer komitéar i meir enn 170 land og regionar.

I Norge starta slike samlingar i slutten av 1920-åra. Kvart år er det ein komité frå eit av landa som førebur bønedagen. I år er det bønedagskomitéen på Vanuatu som har laga programmet med tema «Bygg på fast grunn».  Ein norsk bønedagskomité omset og legg til rette for bruk av programmet her i landet, og Bibelselskapet distribuerer programmet. 

Også i Gloppen er det lang tradisjon for å markere Kvinnenes internasjonale bønedag. Den lokale komitéen ønskjer velkomen til gudsteneste i Sandane kyrkje fredag 5. mars klokka 18. Gjennom ulike røyster får vi møte kvinner frå Vanuatu som les tekster og bøner.

I år droppar vi allsong, men får solosong og pianospeling ved musikklinje-elevar ved Firda VGS.
Yngvild Tjomsland blir også med på piano.
Andakt ved Grethe Tennebø over temaet i år: «Bygg på fast grunn», Matteus 7,24-27.

Takkofferet går via Bibelselskapet til prosjekt Vanuatu «Bygg på fast grunn». 
Prosjektet går til å 
utvikle tiltak for hjelp til unge landsbykvinner ved å

  • Gi høve til utdanning
  • Skapa arbeidsplassar der dei bur
  • Starta helseprogram som er retta inn mot svangerskap og fødsel, barnehelse og kreft

Smitteverntiltak:

- Det blir eit makstal på 45 deltakarar med éin meter avstand.

- Registrering med namn og telefonnummer enten her på nettsida på førehand, eller ved frammøte (møt opp i god tid)

- Handsprit er tilgjengeleg ved inngangen.

- Har ein symptom på luftvegsinfeksjon, forkjøling eller liknande, kan ein dessverre ikkje delta.

- Ikkje allsong og ikkje servering til slutt. Samlinga blir avslutta når programmet er over.

Gudstenesta er tverrkyrkjeleg.  Det er meiningsfullt og flott å stå saman i ein verdsomfattande bønering. Kom og ver med oss! 

                   
- Lokalkomitéen

https://gloppen.kyrkja.no/img/22_02_2021_Diakoni/Vanuatu_arets_illustrasjon.jpg












































Om illustrasjonen for i år:
Vanuatu er stadig utsatt for jordskjelv, sykloner og vulkanutbrudd. Årets illustrasjon «Syklonen Pam 13. mars 2015» er malt av Vanuatus mest kjente kunstner Juliette Pita (1964) Hun var første kvinne som fullførte høyere utdannelse ved Vanuatus tekn. høyskole. Hun gir «alle pengene hun tjener på kunsten, til dem som trenger hjelp».

Motivet er en mor som sitter bøyd over barnet sitt, og hun er i bønn. Bølgene skyller over henne, men en palme bøyer seg beskyttende over dem. Morens skjørt har tradisjonelt mønster fra Erromango. I horisonten kan vi se små kors som representerer dem som mistet livet under syklonen Pam i 2015.

Publisert av: Ingebjørg Isane Fure den 22-02-2021