Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 21 april
Sandane kyrkje
Hyen kyrkje
Nesholmen leirstad
mandag 22 april
Sandane kyrkje - Peisestova
søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila

Nyheter

Sorggruppe - eit tilbod til dei som har mista nokon nær

Kyrkja i Gloppen ønskjer å vere til hjelp for dei som opplever sorg, og gjev tilbod om deltaking i sorggruppe. 


Foto: I.I. Fure

Å miste ein person som står oss nær, fører med seg sorg. Sorg er personleg og individuell, og ulike reaksjonar kan melde seg. Sorg tek tid og må gjennomlevast. Vi snakkar om eit sorgarbeid, ein prosess vi går igjennom. Sorgarbeid tek på kreftene og går gjerne i bølgjer. Sjølv etter månadar og år må vi vere innstilte på å gje sorga rom. Sorg handlar ikkje om å bli ferdig med, men om å innlemme også denne erfaringa i livet. 

Eit tilbod
Kyrkja i Gloppen ønskjer å vere til hjelp for dei som opplever sorg, og gjev tilbod om deltaking i sorggruppe. Det er ei samtalegruppe der ein kan få setje ord på tankar, kjensler og reaksjonar som ein kjenner på etter å ha mista ein nærståande person. Ein kan dele gode minne, få snakke om noko av det som har vore, om det ein saknar eller opplever vondt og vanskeleg, og kva ein ønskjer for livet framover. Den enkelte bestemmer sjølv kor mykje ein vil dele. Slik kan ein finne styrke til å gå vidare, og få vere til støtte og hjelp for kvarandre.
Tilbodet er for alle uavhengig av livssyn. Det er også ope for at personar frå nabokommuner kan melde seg på.
Stad for samlingane: Sandane. 

Ny gruppe kan starte opp ved minimum 4 påmeldingar frå personar med noko lunde lik livssituasjon og sorgsituasjon. Påmelding fortløpande.

Behovet for å dele sorg med andre som har opplevd om lag det same som ein sjølv, kan kjennast sterkt anten sorga er ny eller gammal. Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap og har ei fast ramme. Kvar samling varer ca. ein og ein halv time, og talet på samlingar varierer med gruppestorleiken, gjerne seks til åtte gongar. I utgangspunktet legg ein opp til samling annan kvar veke, men dette blir avtalt nærare med deltakarane. Gruppene blir leia av Ingebjørg diakon saman med ein medleiar som også har erfaring med sorggruppe-leiing. Ingebjørg har teke vidareutdanning i Sorgstøttearbeid ved VID hausten 2022 – våren 2023, der sorggruppe-leiing har vore eit av delemna. 

Dersom du kan tenkje deg å delta i ei sorggruppe eller ønskjer meir informasjon om tilbodet, kan du kontakte Ingebjørg, tlf. 966 18 048, eller e-post ingebjorg.fure@gloppen.kyrkja.no  

Sjå også brosjyre: 
Brosjyre for sorggruppe i Gloppen (pdf) 

www.sorggrupper.no kan ein sjå etter tilbod om sorggruppe over heile landet. Tilbodet til Kyrkja i Gloppen ligg også ute der.


https://gloppen.kyrkja.no/img/28_03_2017_Nyheter/2020-08-21_(1).jpg


































 

Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 02-05-2023