Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila
lørdag 11 mai
Gimmestad kyrkje
søndag 12 mai
Sandane kyrkje
fredag 17 mai
Hyen kyrkje
Breim kyrkje

Nyheter

Revidert plan for diakoni i Den norske kyrkja

Hausten 2020 vart Plan for diakoni for Den norske kyrkja revidert. Denne planen gjev ei forståing av diakoni og ei retning for det diakonale arbeidet.

http://gloppen.kirkene.net/img/17_12_2020_Diakoni/Plan_for_diakoni.png




























Revideringa av den førre planen frå 2007 er gjort på bakgrunn av endringar i samfunnet og i diakonale utfordringar. Men ein god del er også til å kjenne igjen frå førre plan. Visjonen er framleis «Guds kjærleik til alle menneske, verkeleggjort gjennom liv og teneste». Definisjonen er også uendra: «Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.»

Innan dette spekteret ligg det mykje vi som kyrkje både kan gjere og vere for å gje Guds kjærleik til medmenneska og for å forvalte skaparverket. Den nye planen er lettlesen og kan anbefalast å kikke på: Plan for diakoni i Den norske kyrkja. 

Planen får poengtert at diakoni er ein del av kyrkja sitt vesen, og diakoni er noko mange er delaktige i, kanskje utan å vere så bevisste på det. Planen gjev også jordnære utfordringar til oss alle.  

 

Lokale planar
Ut ifrå hovudområda i den nasjonale planen for diakoni, lagar ein lokale planar for kvart sokn. I Gloppen har det lenge vore tradisjon for godt arbeid med diakoniplanar. Planane har involvert både stab, sokneråda, diakoninemndene og mange frivillige, og tiltaka er retta mot alle aldersgrupper.

I Breim sokn laga soknerådet med Venke Kollbotn i spissen ein ny diakoniplan våren 2019. I Hyen er gjeldande plan for perioden 2016-2020. Her er eit revideringsarbeid i gang for ny periode.

I Gloppen sokn har soknerådet nyleg vedteke diakoniplan for 2020-2024. Dei tidlegare sokna Gimmestad og Vereide hadde kvar sine planar. Mykje av det som var nemnt i desse planane har vore og er framleis oppegåande. Men no er revideringa av dei gamle planane unnagjort i samarbeid mellom diakon, diakoninemnd, diakonikontakter i soknerådet og innspel frå andre i staben, før den nye planen var oppe i soknerådet.

Dei lokale planane er både arbeidsreiskapar og ei synleggjering av det vi driv med. Det er ikkje alt vi har fått gjort i år grunna smitte-restriksjonane, men vi håpar på meir normale tilstandar framover.

Bli med!
Det er alltid plass til fleire i det frivillige arbeidet i kyrkja. Ta gjerne ein kikk på planane som er lagt ut under. Kanskje det er fleire som har lyst til å engasjere seg i til dømes besøksteneste, samlingar for eldre, oppgåver for frivillige under gudstenester eller tiltak i trusopplæringa? Ta gjerne kontakt! Alle kan vere «kvardags-diakonar» der ein er, og så kan det også vere flott å få stå saman med andre i diakoniteneste.

Diakoniplan for Gloppen sokn
Diakoniplan for Breim sokn
Diakoniplan for Hyen sokn

Sjå også Dugnadskort i Gloppen sokn

Kontaktinfo:
ingebjorg.fure@gloppen.kyrkja.no
Tlf: 966 18 048

Kontaktinfo sokneråda (lenke)

http://gloppen.kirkene.net/img/03_07_2020_Illustrasjonar/HENDER_Michal_Jarmoluk_fra_Pixabay.jpg



























Illustrasjon. Foto: Michal Jarmoluk fra Pixabay.

Publisert av: Ingebjørg Isane Fure den 17-12-2020