Kyrkja i Gloppen
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

KALENDER

søndag 21 april
Sandane kyrkje
Hyen kyrkje
Nesholmen leirstad
mandag 22 april
Sandane kyrkje - Peisestova
søndag 28 april
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
søndag 5 mai
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
torsdag 9 mai
Hyen kyrkje
Draumekvila

Nyheter

Anders fekk takk etter 37 år i tenesta

Søndag 13. desember spelte Anders Rinde ved si siste gudsteneste som kantor.

http://gloppen.kirkene.net/img/10_07_2020_Personar/Anders_Rinde_mindre.jpg




















Sjølv om Vereidskyrkja ikkje kunne fyllast med folk grunna smitteverns-restriksjonane (50 deltakarar), så vart gudstenesta fylt med vakre tonar. I tillegg til tonane frå orgelet under gudstenesta, fekk dei frammøtte også høyre Vereide kyrkjekor, Håvard Nordvik (trompet), Otto Ose (trompet), Ann-Karin Ose (trombone) og Thomas Aanonlie (pauke) under salmane.

Preludium og takk
Anders sette eit verdig punktum for dei 37 åra med eit storslått preludium, som han fekk ståande applaus for.
Rett etter gudstenesta fekk han takk og blomar frå sokneråda, Vereide kyrkjekor - som Anders har dirigert, og frå kyrkjeverje Audun Mundal på vegne av Gloppen kyrkjelege fellesråd. Sokneprest Vidar Bjotveit takka også Anders i preika si.

Det er ingen tvil om at Kyrkja i Gloppen og glopparane har vore heldige som har hatt ein så dyktig og engasjert musikalsk leiar, samt god medarbeidar i over ein heil mannsalder. No unner vi han eit godt pensjonist-tilvære.

Heldigvis skal han ikkje flytte på seg, så det er godt mogleg at kyrkjelydane får høyre han spele igjen som vikar ved høve. Og kake til ære for Anders på ein kyrkjekaffi lyt vi ta igjen når korona-restriksjonane er letta på. 

Den nye kantoren begynner 1. januar, og spelar ved si første gudsteneste 3. januar.

Hjarteleg takk til Anders!

Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 14-12-2020