Den Norske Kyrkja
Kyrkja i Gloppen
Meny

KALENDER

søndag 24 januar
Sandane kyrkje
onsdag 27 januar
Sandane kyrkje
søndag 31 januar
Breim kyrkje
Gimmestad kyrkje
søndag 7 februar
Vereide kyrkje
onsdag 10 februar
Sandane kyrkje
søndag 14 februar
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
onsdag 17 februar
Vereide kyrkje
søndag 21 februar
Hyen kyrkje
Sandane kyrkje
onsdag 24 februar
Sandane kyrkje
søndag 28 februar
Breim kyrkje
Gimmestad kyrkje
søndag 7 mars
Vereide kyrkje
onsdag 10 mars
Sandane kyrkje
søndag 14 mars
Breim kyrkje
Vereide kyrkje
søndag 21 mars
Hyen kyrkje
Sandane kyrkje
onsdag 24 mars
Sandane kyrkje
torsdag 1 april
Utvikfjellet
Støyl
fredag 2 april
Breim kyrkje
Hyen kyrkje

Oppdaterte smittevernreglar for Kyrkja i Gloppen

Den norske kyrkja sende ut oppdaterte smittevernreglar 18.01. Det er framleis anbefalt 2 meter avstand når det er allsong. Her kan du lese kva det har å seie for gudstenester og andre samlingar i Kyrkja i Gloppen.

Saka er oppdatert 20. januar.

Viktige punkt i den den gjeldande smittevernvegleiaren: 

1. Max 50 i gravferder. Med 1 meter mellom kohortane / 2 meter om det er allsong.
2. Barne og ungdoms arrangement kan avviklast
3. Andre samlingar kan gjennomførast med 10 personar. Føl med elles på sidene og i avisa.
4. Lister må førast og blir oppbevart i 14 dager.

Lenke til smittevernvegleiaren for Den norske kyrkja.

For gudstenestene framover ligg det ei lenke til påmelding under kvar gudsteneste i kalenderen. Bruke gjerne digital påmelding. Eventuelt kan du møte opp og sjå om det er plass.


Maks antall deltakarar er no 50 og avgrensa til så mange det er plass til i lokala med tanke på avstandsreglementet.

For dei besøkjande si skuld, og dei som arbeider i kyrkja, ber vi om at du les informasjonen nøye. Ting forandrar seg fort, og nye reglar kan dukke opp.
Gjer det til ei vane å gå til denne sida før du går i gudsteneste, slik at du held deg oppdatert. 

Smittevern for kyrkjene i Gloppen
Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades.
Det gjeld her, slik som andre stadar: Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon, eller er i karantene, skal du ikkje vere til stades på arrangement i kyrkja.

Rutinar for handhygiene og reinhald
Handsprit er tilgjengeleg ved inngang og på forskjellege stadar i kyrkja.
Dørhandtak, benkar, nattverdskalkar og andre kontaktpunkt vert reingjort og desinfisert mellom kvart arrangement. Ver vennleg og bruk handspriten.

God avstand og minst mogeleg fysisk kontakt
Hald avstand, minst ein meter, både inne og ute.
(dette gjeld ikkje dei som bur i same husstand)
Maksimalt 50 personar kan vere til stades i tillegg til medverkande. Halvparten av benkane / 2 av 3 benkar blir stengde for å oppretthalde éin meter avstand. Ikkje bruk desse benkane.

Bruk av inventar og utstyr
Frå og med 15. juni: Opning for bruk av salmebøker, så lenge det går minst eitt døger mellom kvar bruk.

Registrering av deltakarar
Vi registrerer namn og telefonnummer på dei som møter. Ein kan skrive namn og telefonnummer på ein lappe og levere når ein kjem til kyrkja, eller ta det muntleg med dei som registrerer. 
Styresmaktene har bestemt at vi skal ha oversikt oven kven som er i kyrkja, slik at vi kan bidra ved eventuell smittesporing. Registreringslista vert oppbevart trygt i 14 dagar før den vert makulert.
Dette jfr. Covid-19-forskriftens §13.

Det vil også henge plakatar i kyrkjene med reglane. 


Dåp
Det vert oppmoda til å prioritere å gjennomføre dåp. Det kan vere lokale forskjellar på om dette vil skje i høgmessa eller som eiga samling. Du kan melde dåp på denne sida, eller ta kontakt med kyrkjekontoret / prestane.

Gravferd
Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 50 til stades som skal ha minst 2 meter avstand mellom kvarandre. Kohortar (huststandar) kan sitte tettare. Kommunelegen kan sette strengare grenser.

Vigsler
Vigsler (bryllup) kan gjennomførast på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.

Av: Gloppen kyrkjekontor   Publisert: 06.11.2020
Sjå tidlegare utgåver »
Kontaktinfo

Gloppen kyrkjelege fellesråd
/ Gloppen kyrkjekontor

Tlf: 57 86 56 16 
@: post@gloppen.kyrkja.no
Adresse: Åsavegen 130
6823 Sandane 

Opningstider:
primærtid (sannynlegvis til stades)
måndag 10-14
tysdag 12-14
onsdag-fredag 10-14
Elles etter avtale, eller sjå om døra er opa.

Organisasjonsnr.: 976 996 690
Kontonr. 3710 15 85388

Tilsette finn du her.

Vippsnummer (lenke)

Gjevarteneste (lenke)