Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Temakveld i Breim
Endeleg er det tid for ny temakveld i Breim: Tysdag 2. september kl. 19.00 på Bdhuset på Flølo. Temaet er «Når trua krasjar i livet».
Denne temakvelden måtte utsettast i fjor haust. No ser vi fram til å kunne samlast på nytt om tema som rører ved livet og trua.
Litt meir om temaet
«Når trua krasjar i livet»: når det skjer ting i livet som gjer det vanskeleg å tru at det finst ein god Gud.
Mange kan ha spørsmål og tankar rundt gudstrua og samanhengar mellom tru/tvil og livet slik det er eller har blitt. Kyrkja ønskjer å gje rom for å kunne reflektere og snakke ærleg om brytningane i trua og livet. Undervisninga vil bygge på bibelske perspektiv, sjelesørgerisk kunnskap og erfaringar. Det blir tid til samtale over ein kaffikopp og noko lite å bite i etter undervisninga. Ein kan stille spørsmål, dele tankar eller berre lytte til det som blir delt. Her er det rom for alle.
Arrangørar er ei bibelgruppe i Breim og Breim sokneråd i samarbeid med Ingebjørg Isane Fure, diakon i kyrkja. Sistnemnde har undervisninga. Det blir høve til å gje ei kollekt til å dekke utgifter ved kvelden for dei som ønskjer. Smittevernreglar blir fylgde. Det er ikkje påmelding på førehand, men registrering ved frammøte.
Truleg blir det fleire temakveldar i Breim utover hausten. Følg med - og velkomen 2. september kl. 19!
Bdhuset ligg på Flølo, med adresse Breimsvegen 1518 (lenke til kart)
Publisert av: Gloppen kyrkjekontor den 19-08-2021 |