Den Norske Kyrkja
Kyrkja i Gloppen
Meny

KALENDER

torsdag 22 oktober
Sandane kyrkje
søndag 25 oktober
Vereide kyrkje
Hyen kyrkje
mandag 26 oktober
Sandane kyrkje
tirsdag 27 oktober
søndag 1 november
Hyen kyrkje
Vereide kyrkje
Gimmestad kyrkje
Breim kyrkje
18:00 Konsert
Vereide kyrkje
torsdag 5 november
Sandane kyrkje
søndag 15 november
Breim kyrkje
mandag 16 november
Sandane kyrkje
torsdag 19 november
Sandane kyrkje
søndag 29 november
Breim kyrkje
Sandane kyrkje
mandag 30 november
Sandane kyrkje
torsdag 3 desember
Sandane kyrkje
søndag 6 desember
16:00 Lysmesse
Hyen kyrkje
mandag 14 desember
Sandane kyrkje

Korleis vert det å gå i kyrkja framover?

Inn til vidare er det smittevernreglane frå juni som er gjeldande ved gudstenester og andre hendingar i kyrkjene. Ver venleg og les infoen under før de kjem i kyrkja.

Oppdatert 16. juni.

Maks antall deltakarar er opp mot 200 / så mange det er plass til i lokala med tanke på avstandsreglementet.

For dei besøkjande si skuld, og dei som arbeider i kyrkja, ber vi om at du les informasjonen nøye. Ting forandrar seg fort, og nye reglar kan dukke opp.
Gjer det til ei vane å gå til denne sida før du går i gudsteneste, slik at du held deg oppdatert.

Smittevern for kyrkjene i Gloppen
Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades.
Det gjeld her, slik som andre stadar: Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon, eller er i karantene, skal du ikkje vere til stades på arrangement i kyrkja.

Rutinar for handhygiene og reinhald
Handsprit er tilgjengeleg ved inngang og på forskjellege stadar i kyrkja.
Dørhandtak, benkar, nattverdskalkar og andre kontaktpunkt vert reingjort og desinfisert mellom kvart arrangement. Ver vennleg og bruk handspriten.

God avstand og minst mogeleg fysisk kontakt
Hald avstand, minst ein meter, både inne og ute.
(dette gjeld ikkje dei som bur i same husstand)
Maksimalt 200 personar kan vere til stades i tillegg til medverkande. Halvparten av benkane blir stengde for å oppretthalde éin meter avstand. Ikkje bruk desse benkane.

Bruk av inventar og utstyr
Frå og med 15. juni: Opning for bruk av salmebøker, så lenge det går minst eitt døger mellom kvar bruk.

Registrering av deltakarar
Vi registrerer namn og telefonnummer på dei som møter. Ein kan skrive namn og telefonnummer på ein lappe og levere når ein kjem til kyrkja, eller ta det muntleg med dei som registrerer.
Styresmaktene har bestemt at vi skal ha oversikt oven kven som er i kyrkja, slik at vi kan bidra ved eventuell smittesporing. Registreringslista vert oppbevart trygt i 10 dagar før den vert makulert.
Dette jfr. Covid-19-forskriftens §13.

Det vil også henge plakatar i kyrkjene med reglane. 


Dåp
Det vert oppmoda til å prioritere å gjennomføre dåp. Det kan vere lokale forskjellar på om dette vil skje i høgmessa eller som eiga samling. Du kan melde dåp på denne sida, eller ta kontakt med kyrkjekontoret / prestane.

Gravferd
Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell. Både inne og på gravplassen skal det vera maks. 200 til stades som skal ha minst ein meter avstand mellom kvarandre, med mindre kommunelegen har sett strengare grenser.

Vigsler
Vigsler (bryllup) kan gjennomførast på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.

Konfirmasjonsgudstenestene 2020
Konfirmasjonane i vår vart utsette til hausten.
Nye datoar:
5. september: Gimmestad 
13. september: Breim
19. september: Vereide
4. oktober: Hyen

http://www.gloppen.kirkene.net/img/26_06_2020_Kyrkjer/Vereide_kyrkje_2020.jpg



















Av: Gloppen kyrkjekontor   Publisert: 10.08.2020
Sjå tidlegare utgåver »
Kontaktinfo

Gloppen kyrkjelege fellesråd
/ Gloppen kyrkjekontor

Tlf: 57 86 56 16 
@: post@gloppen.kyrkja.no
Adresse: Åsavegen 130
6823 Sandane 

Opningstider:
primærtid (sannynlegvis til stades)
tysdag 12-14
onsdag-torsdag 10-14
Elles etter avtale, eller sjå om døra er opa.

Organisasjonsnr.: 976 996 690
Kontonr. 3710 15 85388

Tilsette finn du her.

Vippsnummer (lenke)

Sosiale medium
http://www.gloppen.kirkene.net/img/03_07_2020_Illustrasjonar/fb.jpg





Følg Kyrkja i Gloppen på
Instagram
:
http://www.gloppen.kirkene.net/img/29_06_2020_Logo/Instagram-ikon.150.jpg