Sorggruppe til hausten

Kyrkja i Gloppen ønskjer å vere til hjelp for dei som opplever sorg, og vil på nytt gje tilbod om å delta i sorggruppe.

Illustrasjon. Foto: IIF

Å miste ein person som står oss nær, fører med seg sorg. Sorg er personleg og individuell, og ulike reaksjonar kan melde seg. Sorg tek tid og må gjennomlevast. Vi snakkar om eit sorgarbeid, ein prosess vi går igjennom. Sorgarbeid tek på kreftene og går gjerne i bølgjer. Sjølv etter månadar og år må vi vere innstilte på å gje sorga rom. Sorg handlar ikkje om å bli ferdig med, men om å innlemme også denne erfaringa i livet.

Kyrkja i Gloppen ønskjer å vere til hjelp for dei som opplever sorg, og vil på nytt gje tilbod om å delta i sorggruppe. Det er ei samtalegruppe der ein kan få setje ord på tankar, kjensler og reaksjonar som ein kjenner på etter å ha mista ein nærståande person. Ein kan dele gode minne, få snakke om noko av det som har vore, om det ein saknar eller opplever vondt og vanskeleg, og kva ein ønskjer for livet framover. Den enkelte bestemmer sjølv kor mykje ein vil dele. Slik kan ein finne styrke til å gå vidare, og få vere til støtte og hjelp for kvarandre. Tilbodet er for alle uavhengig av livssyn.

Nye sorggrupper startar etter kvart som ein har fått nok deltakarar. Gruppa blir sett saman ut frå alder og sorgsituasjonar som liknar kvarandre. Behovet for å dele sorg med andre som har opplevd om lag det same som ein sjølv, kan kjennast sterkt anten sorga er ny eller gamal. Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap og har ei fast ramme. Kvar samling varer ca. to timar, og talet på samlingar varierer med gruppestorleiken, gjerne seks til åtte gongar. Britt Randi Heggheim, som har lang erfaring med sorggruppearbeid, vil leie gruppa saman med diakon Ingebjørg Isane Fure.

Dersom du kan tenkje deg å delta i ei sorggruppe eller ønskjer meir informasjon om tilbodet, er du velkomen til å ta kontakt med Ingebjørg, tlf. 966 18 048 / ingebjorg.fure@gloppen.kyrkja.no eller Britt Randi, tlf. 908 47 592.

Påmeldingsfrist: måndag 7. september.   Planlagt oppstart av sorggruppe er i slutten av september.

Ein vil planlegge og gjennomføre ut frå gjeldande smittevernreglar.

Innhald Planleggja Aktivitetar