Kyrkja i Gloppen og korona-situasjonen

Info om samtaler, gudstenester, gravferd, dåp, viglser og konfirmasjonar.

Samtaler: Prestane og diakonen er tilgjengelege for samtaler. Samtaler kan foregå over telefon, eller i same rom, etter gjeldande smittevernvegleiar frå Den norske kyrkje:

  • Tilstrekkelig avstand og tilrettelagte lokaler
  • Sjuke personar skal ikkje inviterast til samtaler i kyrkjelege lokaler
  • Gode rutiner for hygiene og reinhald
  • Minst mogleg felles bruk og berøring av utstyr og inventar

Vi legg til rette for eit eige samtalerom. Send ei melding eller ring på førehand den du vil snakke med:

Vidar prest: 958 80 030
Tore prest: 456 01 260
Ingebjørg diakon: 966 18 048

Kyrkjekontoret er ope att for besøk og vil stort sett ver bemanna på dagtid. Du også ringe til Kyrkjekontoret: 57865616.

Ordinære gudstenester starta opp att 21. og 24. mai i Gloppen kommune. Maks 50 deltakarar. Følg med på oppdateringar her på nettsida. 

Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med næraste pårørande til stades (maks 50 personar), unnatak må godkjennast i samråd med kommunelegen.

Dåp vil kunne gjennomførast som eiga samling med næraste famile til stades, men maks. 50 personar og med gjeldande reglar om avstand og ut frå omsyn til smittevern og lokale forhold.
For å melde dåp, gå til denne sida

Vigsler (bryllup) kan gjennomførast med maks 50 personar, på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.


Konfirmasjonsgudstenestene er utsette til hausten. Nye datoar finn du her.

Sjå smittevernrettleiar for Den norske kyrkja


Sjå også info om korona-situasjonen på nettsida til Gloppen kommune

Innhald Planleggja Aktivitetar