Bibelen frå tidleg kristen tid til reformasjonen – foredrag ved Steffen Hope

Stad: Hyen kyrkje Dato: 08.08.19 Klokkeslett: 20.00

Det norske bokåret 2019: Bibelen frå tidleg kristen tid til reformasjonen foredrag ved Steffen Hope



Stad: Hyen kyrkje

Dato: 08.08.19

Klokkeslett: 20.00


I høve det norske bokåret 2019 inviterer kyrkja i Gloppen til foredrag ved mellomalderhistorikar Steffen Hope. Det norske bokåret markerer femhundreårsjubileet av den fyrste trykte norske boka, det såkalla Nidaros-missalet som vart trykt i Paris på bestilling av den norske erkebiskopen Erik Valkendorf i 1519. I høve dette jubileet vil Steffen Hope halde eit foredrag om historia til ei av dei viktigaste bøkene for norsk bokhistorie, Bibelen, frå den tidlegaste perioden kort etter Jesu død og fram til reformasjonen. Foredraget dekkjer tema som korleis og når Bibelen vart til som ei samla bok, korleis Bibelen vart brukt i mellomalderen, korleis Bibelen har påverka norsk bokhistorie, og korleis Bibelen vart omsett til ymse folkespråk før reformasjonen. Publikum har høve til å stille spørsmål etterpå. 

Vi ynskjer alle velkomne til Hyen kyrkje.

Innhald Planleggja Aktivitetar