SELJUMANNAMESSA PÅ SELJA

Årets Seljumannamesse blir noko enklare enn fjorårets, men fin likevel!

SELJUMANNAMESSA PÅ SELJA SØNDAG 7. JULI KL. 12.00

Predikant er biskop i Oslo, Kari Veiteberg.

Elles i gudstenesta medverkar flinke musikarar frå regionen under stødig leiing av organist Jon Inge Sigerland. Vi prøver også få til eit prosjektkor.

Doris Hammersvik og Per S. Røyset er uvurderlege på den praktiske sida.

Sokneprest i Selje, Eli-Johanne Rønnekleiv, er liturg.

Kollekta går til Seljumannamessekomiteen.

Båt frå Norled går frå Selje til Bø på Selja ca kl. 10.45 med retur ca. kl. 14.15 Billett kr. 200,- Vipps og betaling med kort blir mulig.

Fleire detaljar vil bli publisert på Seljumannamessa si Facebookside.

Og om du vil bidra i det liturgiske prosjektkoret, eller med praktisk arbeid - gje kyrkjekontoret i Selje ei melding.

Be om godt og lagleg vêr! Kle og sko deg etter forholda! Ver vel møtt på Selja, til gudsteneste i klosterruinane!

 

KONSERT I SELJE KYRKJE LAURDAG 6. JULI KL. 18.00

Medverkande er Malin Alander med «Draumkvedet», Line Dybedal, Bjørn Inge Berge og Jon Inge Sigerland.

Bill. kr. 200,- ved inngangen.

Born under 12 år gratis.

Vedlagt er pressefoto av biskop Kari Veiteberg som de gjerne må bruke som trekkplaster.

Kari Veiteberg er født i 1961 og oppvokst på Stord. Ho er gift med Rolv Nøtvik Jakobsen. Dei har to barn.

Veiteberg er utdanna cand. theol. frå Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo i 1988, og ho tok eksamen på Det praktisk-teologiske seminar i Oslo i 1989.

I 2006 vart ho dr. theol med avhandlinga «Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja». Ho har også mellomfag i teatervitenskap frå Institutt for musikk og teater ved Universitetet i Oslo.

Ho har jobba som prest i Oslo, Tempe prestegjeld, Trondheim (kapellan), Emmaus, Gildeskål, Kirkens Bymisjon Bergen og sidan 2014 i Tøyen kyrkje i Oslo.

 

 

 

 

 

 

 

 

Innhald Planleggja Aktivitetar