Sogn og Fjordane teater presenterar: Maria Magdalena - Jesu virke

Fredag 26. april kl 19.00

Vi veit alle kva som skjer i evangeliet, men sjeldan får vi høyre det på denne måten. Historia om Jesus blir fortald gjennom kvinnene rundt han. I «Jesu virke» er ordet gitt til Maria Magdalena som fortel historia som ei augevitneskildring. Ho fortel at Jesus redda henne frå galskap og prostitusjon, og at ho hadde eit nært forhold til han. Ho var kollega, ven og kvinne. 

Det er natta før palmesøndag, og natta før Jesus og følget hans togar inn i Jerusalem. Maria Magdalena fortel om sitt første møte med Jesus, om hans virke frå han vart døypt av døyparen Johannes og om påskeveka. 

Gjennom Maria kjem vi nærare Jesus, men òg nærare eit historisk faktum som ofte hamnar i skuggen. I følgjet til Jesus var det fleire kvinner som også hadde ein plass i lyssirkelen rundt leirbålet, som respekterte elevar saman med læresveinane.


Foto:Sogn og Fjordane teater

Vi tilbyr ein pris på kr. 200,- pr. person inkl. billettavgift ved bestillinga av 5. eller fleire billettar, billettane må då tingast direkte hjå underteikna eller ved teateret seinast to veker før speledag.

Eller du kan kjøpe billettar her.

Kjell Mjelleli
Sals- og marknadsansvarleg
Sogn og Fjordane Teater 
Telefon (+47) 909 90600 Telefon direkte (+47) 918 32085  

www.softeater.no

Innhald Planleggja Aktivitetar