Småbarnstreff

Småbarnstreff er kort fortalt, «oppfølgaren» til babysong; uformelle treff i Sandane kyrkje 3-4 laurdagsformiddagar i halvåret. Småbarnstreff er eit tilbod til alle barn mellom 1 og ca 4 år. Eit sosialt og avslappa møtepunkt for både små og store der felles song, leik og aktivitet bidreg til verdifull kontakt mellom vaksne og barn. Det vakre kyrkjerommet set ei god ramme rundt det heile og gjev oss ei oppleving av «himmel over leiken». 

Treffa varer frå 10.00 – 11.30. Vi avrundar med felles matpakkelunsj, og gode besteforeldre sørger for at bordet står dekka og klart med varm og kald drikke. 

I Sandane kyrkje er det god plass, solid trappegrind, mange barnestolar og godt stellebord. Det er og kort veg til flotte område for uteleik for storesøsken som heller ynskjer det. Kort sagt: her ligg ting godt til rette for ein fin formiddag for heile familien.

 

Innhald Planleggja Aktivitetar