Byggjeaktivitet i kyrkjene

25.11.16


 Nytt sanitæranlegg ved Breim kyrkje

     

Grunnmurane og golvet til det nye sanitæranlegget ved Breim kyrkje er no komne på plass.
Det er Per Åge Kandal i Kandal Maskin som har lagt grunnmuren til bygget. Reed Bygg har totalentreprise på resten av bygget.
Vi reknar med at bygget vert ferdig til sommaren. Bygdefolket, soknerådet og fellesrådet har eit spleiselag på kostnadane.   

LEDLYS TIL KYRKJENE FRÅ BYGDEKVINNELAGET



Gloppen Bygdekvinnelag har nok ein gong samla inn pengar til kyrkjene. Denne gongen har dei spandert nye led-lyspærer i Vereide og Gimmestad kyrkjer. Kyrkjetenar Benny Andre Aasen byter ut vanlege pærer med led-lyspærer frå Lumens AS. Lumens AS har gjeve oss eit ekstra godt tilbod og Bygdekvinnelaget har skaffa pengane. Tusen takk for gåva !!!  

KONTORTILBYGGET VED SANDANE KYRKJE TEK FORM 

No er kontortilbygget snart tett. Alt arbeid går etter planen. Det er HBV- Betong i Førde som har hovudentreprisen, men det er byggmeistrane Erik Seime og Endre Myklebust som står for trearbeidet. Prosjektleiar og teiknar er Jan Berg. Ingemar Sårheim er leiar i byggenemnda. Bygget vil bli ferdig i april 2017.

Her blir det nye kyrkjetunet for Gloppen.

 

 


Motta våre nyhende på e-post


Siste nyhende
13.02.19  Kyrkjeblad 2018
Innhald Planleggja Aktivitetar