Diakoni

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.

Den norske kyrkja forstår seg sjølv som ei tenande kyrkje. Diakonien er eit kjenneteikn ved heile det oppdraget kyrkja har. Den pregar fellesskapet og livet til den einskilde. 

I kyrkja i Gloppen har kvart sokn lokale diakoniplanar som ein jobbar ut ifrå. Både diakoninemnder, sokneråd, andre frivillige og tilsette i kyrkja (prestane, diakon, kantor og tilsette i trusopplæringa) bidreg i dette, i tillegg til at ein samarbeider med lag, organisasjonar og kommunen der det er naturleg. Arbeidet er retta mot personar i ulike aldersgrupper og i ulike livssituasjonar, samt samfunnet generelt. 

Diakoninemndene pr oktober 2019 finn du her.

Diakon
Frå 1. september 2019 vart Ingebjørg Isane Fure tilsett som diakon i kyrkja i Gloppen i 50 % stilling. Ho har arbeidsplass på Gloppen kyrkjekontor, men er også ute på ulike samlingar, møte og gudstenester.

Frivillig arbeid
Eit av ansvarsområda til diakonen er å følgje opp det frivillige diakonale arbeidet i både Breim, Gloppen og Hyen sokn, og vere med og utvikle dette.  

Har du lyst å vere med og bidra i det frivillige arbeidet? Det finst mange ulike oppgåver ein kan engasjere seg i, som t.d. praktisk arbeid med mat og tilrettelegging for samlingar på bufellesskap og omsorgssenteret, andakter eller ord til oppmuntring, song og musikk, ha tid til å snakke med medmenneske på ulike samlingar enten det er eldre, innvandrarar eller ungdom, vere ein besøksvenn, bidra med kyrkje-skyss til gudstenester, vere forbedar osv.
Kanskje har du ein idè om noko som kan gjerast innan områda nestekjærleik, inkluderande fellesskap eller kamp for rettferd? 
Ta gjerne kontakt med diakonen! Også om du ser behov som du ønskjer at kyrkja kan gjere noko med.  




Samtaler
Treng du nokon å snakke med om noko i livet? Det kan til dømes handle om vanskelege situasjonar og val, einsemd, sorg, smerte, tvil og tru. Samtaletenesta til kyrkja, ofte kalla sjelesorg, kan romme heile livet, alt etter kva den som kjem til samtale, ønskjer å snakke om. Uavhengig av livssituasjon og livssyn, vil kyrkja møte den enkelte som kjem til samtale med omsorg og respekt. 
Teieplikt er eit sjølvsagt fundament for samtalene. Både prestane og diakonen kan spørjast om samtale. 
Ein kan også spørje om heimebesøk i heile kommunen når det er behov for det. 

Kontaktinfo
Kontaktinfo for diakonen, prestane og dei andre tilsette står til høgre lengre oppe på sida. 

Faste kontordagar for diakonen:
Tysdag 9.30 -13.30 (stabsmøte på føremiddagen)
Onsdag 9.30 - 13.30
Torsdag 9.30 - 13.30 
Avvik kan forekome ved uteoppdrag. Ho er også tilgjengeleg på kontoret og på telefon andre tider/dagar, alt etter korleis veka ser ut med uteoppdrag.
Ta kontakt ved behov.  


 

Plan for diakoni for Den norske kyrkja finn du her.
I denne inspirerande planen kan du lese meir om kva diakoni er og kva ein kan bidra med. 

Relatert: kirken.no/diakoni

Innhald Planleggja Aktivitetar