17. november - Tomasmesse i Breim kyrkje


Dato: 17.11.19

Søndag 17. november kl 20.00

23. søndag i treeiningstida. 

V/ liturg Tore Myklebust med fl. 

Tomasmessa har namn etter læresveinen Tomas, med tilnamnet tvilaren. Tomas tvilte då dei andre fortalde at Jesus hadde stått opp frå dei døde, men han søkte etter sanning og fekk konkret hjelp til å tru. I denne gudstenesta får vi hjelp til å søkje Gud på ein konkret måte gjennom songar, bøner og det vi gjer saman.

 

Mange frivillige medarbeidarar deltek i gudstenesta saman med sokneprest Tore Myklebust, kantor Anders Rinde og diakon Ingebjørg Isane Fure. Frida Bjørnereim skal ha eit vitnesbyrd der ho vil fortelje om då ho reiste til Russland med Natur og Ungdom i sommar. Elles tek ei forsongargruppe del i gudstenesta. Gjennom ei bønevandring kan alle som vil, gå til ulike stasjonar i kyrkjerommet: ein kan tenne lys, skrive ned bøner og legge i ei krukke som blir boren fram til altaret, legge ein stein på eit bønealtar som ei hjelp til å legge frå seg noko tungt ein ber på, eller ein kan be om forbøn. Det vil og vere ein stasjon der ein kan ta imot nattverd og ein stasjon der vi får gje ei gåve til Stefanusalliansen sitt arbeid for menneske som blir undertrykt for si tru.

Tomasmessa er for folk i alle aldrar og passar godt også for konfirmantar og andre unge. Komitèen ønskjer alle hjarteleg velkomne til Breim kyrkje denne søndagskvelden!


« tilbake
Innhald Planleggja Aktivitetar