8. april - Tomasmesse i Breim kyrkje


Dato: 08.04.18

Tomasmesse søndag 8. april kl 20.00

Tomasmessa har namn etter læresveinen Tomas, med tilnamnet tvilaren. Tomas tvilte då dei andre fortalde at Jesus hadde stått opp frå dei døde, men han søkte etter sanning og fekk konkret hjelp til å tru. I denne gudstenesta får vihjelp til å søkje Gud på ein konkret måte gjennom liturgi, songar, bøner og det vi gjer saman.

Preika blir ei samtale mellom sokneprest Tore Myklebust og Ove-Bjørnar Høylo, ein ung lærar på Breim skule, med utgangspunkt i forteljinga om læresveinen Tomas i Joh. 20, 24-31.

Vi skal synge songar frå ulike land og tradisjonar til tonefylgje frå fleire instrument, leia av kantor Anders Rinde og ei forsongargruppe. Og vi får lytte til musikk ved Henrik Berg Førde på piano, breimning som er elev på Firda vgs.

Gjennom ei bønevandring kan alle som vil gå til ulike stasjonar i kyrkjerommet: ein kan tenne lys, skrive ned bøner og legge i ei krukke som blir boren fram til altaret, legge ein stein på eit bønealtar som ei hjelp til å legge frå seg noko tungt ein ber på, eller ein kan be om forbøn. Det vil og vere ein stasjon der ein får ta imot nattverd og ein stasjon der vi får gje ei gåve til Stefanusalliansen sitt arbeid for minoritetar som blir trakassert for si kristne tru.

Sokneprest, kantor og frivillige medarbeidarar ønskjer alle hjarteleg velkomne til Breim kyrkje denne søndagskvelden! Her er plass for alle med tru og tvil, lengt og bøn.

Britt Randi Heggheim


« tilbake
Innhald Planleggja Aktivitetar