2. desember - Julekonsert med Sølvguttene i Vereide kyrkje


Dato: 02.12.17

Laurdag 2. desember kl 15.30

Sølvguttene er ein institusjon i norsk song- og musikkliv og vart stifta av Torstein Grythe i 1940. Sølvguttene har mottatt ei rekke nasjonale og internasjonale utmerkingar, og koret har vunne den britiske kor konkurransen "Let the Peoples Sing". Koret har ein omfattande og variert nasjonal og internasjonal konsertportefølje og er kjent for ein unik klang- og korkultur. Sølvguttene er for veldig mange blitt ein viktig del av norsk juletradisjon med sine tradisjonelle julekonsertar. Laurdag 2. desember kl. 15.30 kjem Sølvguttene til Vereide kyrkje. Dei gleder seg veldig til å synge i denne flotte kyrkja. Sølvguttene syng dei kjende og kjære julesongane, og også nokre som ikkje er fullt så kjende. Over 50 Sølvgutter blir med på denne konserten i Vereide kyrkje. Gutane er frå sju år til stemmeskiftet, pluss nokre vaksne songarar. Dei fleste vaksne har tidlegare vore gutesongarar i koret. Dirigent for koret er Fredrik Otterstad.

Billettprisen er kr 300,- for vaksne og kr 150,- for barn under 15 år


Foto: NRK


« tilbake
Innhald Planleggja Aktivitetar