Gravferd


Når nokon døyr og det er spørsmål om gravferdsdag og gravstad vender ein seg til kyrkjeverja, som tek avgjerd i slike spørsmål. Kyrkjeverja informerer straks presten som skal leie gravferda, som vil ta kontakt for å gjere avtale om førebuing av gravferda. Ein er sjølvsagt alltid velkomen til å ta kontakt sjølv med presten det gjeld. Normalt vil det seie sokneprest  Vidar Bjotveit  i Vereide og Gimmestad sokn og  sokneprest Tore Myklebust i Breim og Hyen sokn. Infomasjon om prestekontor, kyrkjekontor og telefonar, sjå spalta KONTAKT OSS, til høgre.

 
Foto: Kyrkjebladet

Innhald Planleggja Aktivitetar