Lover og vedtekter



Soknerådet.

Aktuelle paragrafar frå "kyrkjelova" som ligg til grunn for soknerådet sitt arbeid: 

"Menighetsrådet treffer avgjørelser og opptrer på vegne av soknet når det ikke er fastsatt i eller i medhold av lov at myndigheten er lagt til kirkelig fellesråd eller et annet organ" (Kyrkjelova § 5 andre ledd).

§ 9 i Kyrkjelova:
Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet.
Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet.
Menighetsrådet avgjør om det skal tas opp offer eller foretas innsamling i kirken og forvalter de midler som blir samlet inn, bevilget eller gitt som gave til kristelig virksomhet i soknet, med mindre annet er fastsatt. Regler om budsjettordning, regnskapsføring og revisjon gis av departementet. Avgjørelse om opprettelse av stillinger skal godkjennes av kirkelig fellesråd.
Menighetsrådet medvirker ved utnevning og tilsetting i kirkelige embeter og stillinger etter de regler som gjelder til enhver tid.
Før vedkommende myndighet treffer avgjørelse, skal menighetsrådet uttale seg om endring i fordelingen av arbeidet mellom prestene i prestegjeld der det er tilsatt mer enn en prest.
Menighetsrådet innbyr minst en gang i året de tilsatte i soknet til å ta del i rådets drøftinger om menighetsforholdene og de oppgaver som foreligger.
Menighetsrådet forbereder og gir innstilling til avgjørelse i alle saker som legges fram for menighetsmøtet, jfr § 10, eller som menighetsmøtet selv tar opp.
Menighetsrådet gir hvert år menighetsmøtet en orientering om det kristelige arbeidet i soknet.

Kyrkjeleg fellesråd

Soknerådet opptrer på vegne av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller har heimel i lova. I kyrkjelova § 14 er det slått fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeide om visse oppgåver innanfor kommunen. Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegner av kyrkjelydane.
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det m. a. å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
  • Arbeidsgivaransvar (tilsetjingar, leiing, arbeidsmiljø, stillingsomtalar osb.)
  • Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta ansvaret sokna har overfor kommunen.

Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisere arbeidet i kyrkja lokalt på ein best mogleg måte. Fellesrådet har på mange område fått fullmakt til å gjere sjølvstendige vedtak på vegne av sokna. Det vil utfordre sokna til samarbeid og kompromissløysingar. Fellesrådet vil vidare vere viktig som talerøyr for den felles strategien i kyrkjelydane, og for prioriteringar og økonomi overfor kommunen.

Frå Kyrkjelova § 14: 
Kirkelig fellesråd skal ivareta administrative og økonomiske oppgaver på vegne av soknene, utarbeide mål og planer for den kirkelige virksomhet i kommunen, fremme samarbeid mellom menighetsrådene og ivareta soknenes interesser i forhold til kommunen.
Kirkelig fellesråd er ansvarlig for:
a   bygging, drift og vedlikehold av kirker
b   anlegg, drift og forvaltning av kirkegårder,
c   opprettelse og nedleggelse av stillinger som lønnes av fellesrådets budsjett,
d   anskaffelse og drift av menighets- og prestekontor,
.....
g   anskaffelse av lokaler, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæring 
 

Vedtekter for kyrkjegardane

Vedtekter for kyrkjegardane i Gloppen kommune
Vedtekne i Gloppen kyrkjelege felleråd 15.10.2002
Godkjende av Bjørvin bispedømeråd.

§1 Rett til grav.
1.1  Alle som på dødsdagen var heimehøyrande i Gloppen kommune har rett til gravstas på den kyrkjegard dei soknar til. Dersom særlege tilhøve kjem inn, kan det gjevast gravplass på ein av dei andre kyrkjegardane i kommunen.. Dette gjeld og dødfødde born når foreldra ynskje gravplass. Dette gjeld og om avlidne mot slutten av livet, på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ei anna kommune.

1.2  Dei som bur utanfor kommunen kan få gravplass etter særleg løyve frå fellesrådet. Fellesrådet gjev kyrkjeverja mynde til å ta avgjerd i aktuelle saker. For personar utanfor kommunen kan det krevjast betaling for opning av grav og feste av grav frå gravleggingsdagen etter dei satsar som til ei kvar tid er fastsette av kommunen.

§2 Fredningstid og festetid.
Fredningstida for graver er 20 år.
Festetida for graver er 10 år.

§3 Feste av grav.
3.1  Når grav blir teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sia av. Desse gravene utgjer samla ein gravstad. I særlege høve kan kyrkjeleg fellesråd gje løyve til å feste fleire enn to graver. Når grav vert teken i bruk skal skyldfolket nemne opp ein ansvarleg festar overfor kyrkjeverja. Festar har rett til å fastsetje kven som i hans / hennar festetid skal gravleggjast i grava, og setje opp gravminne i samsvar med dei av fellesrådet fastsette reglar.
Festaren pliktar å halde grava i hevd.
Ingen kan på førehand feste gravplass.

3.2  Festetida si lengd er 10 år.
Når festetida er ute kan festet leigast med nye 10 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan det ikkje festet lengast utan etter særskild søknad og samtykke frå fellesrådet. Festet kan ikkje lengast utover 60 år etter siste gravleggingsdato.

3.3  I god tid før festetida er ute skal festar varslast.
Er ikkje festet fornya innan 6 månader, går grava attende til kyrkjegarden.
Festar pliktar å melde adresseendring til kyrkjeverja.

3.4  Ingen må gravleggjast i festa grav utan løyve frå festar. Dersom løyve frå festar ikkje er tilgjengeleg, kan kyrkjeverja ta avgjerd om gravlegging i samsvar med fylgjande norm; I festa gravstad må det ikkje gravleggjast andre enn festar og ektemake, slekt i opp- nedstigande linje, første sidelinje og like nære inngifte.

§4 Gravminne.
For gravminne på gravstad med 2 eller fleire graver er største breidde 85 cm. På enkelte graver er største breidde på gravminne 70 cm. Vedkommande andre dimensjonar sjå forskriftene §23.
Kyrkjegardsarbeidarane vil syte for planering og tilsåing av grav etter gravlegging. Gravminne kan ikkje setjast opp før 6 månader etter siste gravlegging av kiste. I mellomtida vert det sett opp eit merke med namnet til avdøde.
På ny festa gravstad set ein opp gravminnet sentralt i bakkant av gravstaden.
Gravminnet kan ikkje setjast opp utan at kyrkjeverja eller den kyrkjeverja gjev mynde, er tilstades og viser plass og kontrollerar fundamenteringa. Sjå elles forskriftene til lov «om kirkegåderne, kremasjon og gravferd» §§20-25.
Vedtektene til Gloppen er gamle og lovverket er endra. Gravferdslova (lov av 7. juni 1996, om gravplassar, kremasjon og gravferd) Lovdata

§5 Stell av grav
5.1  Framfor gravminnet er det høve til å lage eit plantefelt i høgd med bakkenivå. Plantefeltet kan ramast inn av karmar i same materiale som gravminnet og sokkelen. Det må ikkje vera breiare enn gravminnet og ikkje gå lenger fram enn 0,7m frå bakkant av gravminnet. På graver for born og urner er målet 0,5m.

5.2  I plantefeltet kan det ikkje plantast eit eller fleirårige vekstar som vert høgare enn 75 cm. Heller ikkje kan det plantast noko utanfor plantefeltet. Det kan ikkje nyttast dekorgjenstandar i plantefeltet.

5.3  Det er ikkje høve til å ramme inn gravstaden eller delar av den med hekk eller døde materialar.

5.4  Festet kan ikkje lengjast utan at gravstaden er sett i stand etter vedtektene.

5.5  Alle har rett til å stelle den gravstaden ein har ansvaret for etter dei vedtekter som gjeld, og etter rettleiing frå kyrkjegardsarbeidarane. Plantefelt som ikkje vert stelt kan såast til av kyrkjegardsarbeidarane. Alt avfall etter stell skal straks fjernast og leggjast på tilvist stad.

5.6  Kyrkjegardsarbeidarane tek seg av slåing på kyrkjegarden, men gras som veks heilt inn til gravminne eller karmar rundt plantefelt, og som ikkje kan slåast ved bruk av slåmaskin, høyrer under eigaren av gravstaden sitt ansvar.

Innhald Planleggja Aktivitetar