Om oss


                   
  Kyrkjeverje og dagleg leiar Kurt Djupvik
VELKOMEN TIL DEN NORSKE KYRKJA I GLOPPEN!
Til saman er vi mange - alle døypte som bur i dei fire kyrkjelydane våre! Nokre har spesielle oppgåver som tillitsvalde, tilsette og friviljuge. Alle er viktige og verdifulle!
Saman er vi eit kyrkjeleg fellesskap som samlast om Guds ord og sakramenta og er kalla til teneste for Gud og vår neste. Jesus er kyrkja sin Herre. 
SAMAN VIL VI GJERE KRISTUS KJEND, TRUDD, ELSKA OG ETTERFØLGD!
(Bjørgvin bispedøme sin visjon)


Slik er kyrkja i Gloppen organisert:
4 sokneråd
kyrkjeleg fellesråd, med 2 medlemer frå kvart av sokneråda
To sokneprestar, med Bjørgvin bispedøme som arbeidsgjevar
Kyrkjeverje som er dagleg leiar for den kyrkjelege verksemda i Gloppen
Organistar, kyrkjetenarar, klokkarar, gravar, kyrkjegardsarbeidarar, reinhaldarar

Vi har 6 kyrkjer:

Vereide kyrkje 
Sandane kyrkje
Breim kyrkje
Gimmestad kyrkje
Gamle Gimmestad kyrkje
Hyen kyrkje

Innhald Planleggja Aktivitetar